Topp ti: Runar Skaug Mathisen gjekk inn til ein 9.-plass i laurdagens Grönklitt Criterium i Sverige. Arkivfoto.

Runar tilbake blant dei ti beste

Runar Skaug Mathisen tok si fyrste topp ti-plassering for året, då han gjekk inn til ein 9.-plass i Grönklitt Criterium laurdag. På sundagens individuellstart blei han nummer 18.

I helga var det to renn i svenske Orsa Grönklitt, det 50-kilometerlange Grönklitt Criterium laurdag, og 12 kilometer individuellstart sundag.

I laurdagens løp var feltet samla inn mot mål, og Bjønnen frå Kostveit var altså 9. mann i mål. Lagkamerat Emil Persson, som for fyrste gong denne sesongen ikkje vann i Jizerska 50 førre helg, fann tilbake til sigersforma. Persson vann framom landsmannen Max Novak, snaue 5 sekund framom Skaug Mathisen. Med 9.-plassen klatra han også inn blant dei 20 beste i samandraget, på ein 19.-plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag var det klart for individuell start. Mathisen, som starta som nummer 50 av 99, leverte også her eit solid løp, og gjekk i mål på ein mellombels 3.-plass. Ettersom dei store kanoane i langløpssirkuset gjekk i mål, vart han skuva nokre plassar nedover på resultatlistene, og enda til slutt på ein 18.-plass, rett bak lagkamerat Torleif Syrstad.

Emil Persson heldt fram der han slapp laurdag, og vann det niande av ti moglege løp for sesongen, 13,3 sekund framom Petter Stakson på 2.-plass. Tord Asle Gjerdalen tok siste pallplassen.