Runar med god start på året – inne blant dei ti beste att

Runar Skaug Mathisen gjorde sitt beste løp for sesongen då han gjekk inn til ein 8. plass i 3 Zinnen Ski Marathon.

Det var ei relativt samla gruppe som kom inn mot oppløpet etter den 62 kilometer lange styrkeprøva i Sexten i Italia. Mathisen låg heilt fremst med 700 meter att til mål, etter ha kjempa seg opp frå gruppa bak, men ettersom målstreken nærma seg var det Anders Nygaard frå Team Ragde Charge som drog i frå og til slutt kunne innkassere sigeren, framom samanlagtleiar Kasper Stadaas.

Den suverene samanlagtvinnaren i fjor, og lagkamerat til Skaug Mathisen i Lager 157, Emil Persson, tok den siste pallplassen, medan Mathisen til slutt kryssa lina som åttandemann, 4,1 sekund bak Nygaard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åttandeplassen er Skaug Mathisens beste resultat for sesongen, og kan tyde på at han lukkast med målsetjinga han sette i desember – å bruke jola i Vinje til å prikke inn storforma.

Les også
Runar skal heim å finne storformen. Målet er å klatre heilt øvst på pallen i løpet av vinteren

Plasseringa fører med seg eit lite hopp på samanlagtlista for 30-åringen, frå 20.- til 17. plass. Stadaas og Nygaard innehar dei to øvste plassane i samandraget, framfor Axel Jutterström frå Team Eksjöhus på 3.-plass. Persson, som ikkje på langt nær har vore like dominerande som i fjor, ligg i skrivande stund på 11. plass.

Neste Ski Classics renn for Skaug Mathisen og resten av langløpssirkuset er La Diagonela førstkomande helg, som går føre seg i Pontresina-Zuoz i Sveits.