Sylvvinnar: Runar Skaug Mathisen avslutta sesongen sterkt, då han gjekk inn til 2.-plass i det 100-kilometer lange Janteloppet på Hafjell.

Runar avslutta sesongen på pallen – er for fyrste gong best på laget i samandraget

Runar Skaug Mathisen (31) avslutta sesongen på sterkt vis då han sist helg gjekk inn til ein andreplass i Janteloppet på Hafjell. Han vart også med sin åttandeplass, Lager 157s beste herreløpar i samandraget

Bjønnen frå Kostveit var 2 minutt og 51 sekundar bak vinnaren, lagkamerat Thorleif Syrstad i Lager 157 Ski Team i det opphavleg 100 kilometer-lange løpet som markerte avslutninga på Ski Classics-sesongen.

– Det vart 93 kilometer til slutt, det kom litt endringar på tampen. Det var eg glad for dei siste fem, det var tungt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hadde det vore sju kilometer til trur eg fort eg hadde kome sist, held han fram.

Lagets beste

Runar kan sjå tilbake på ein særs god sesong. I slutten av januar oppnådde han karrierens høgdepunkt så langt, då han i einsam majestet gjekk inn til siger i Marcialonga.

– Det har vore ein god sesong, to pallplassar og den fyrste sigeren. Eg er også nøgd med kor jamn eg har vore, fortel han.

Sidan då har han vore inne blant dei ti beste i fire av seks moglege renn, og med andreplassen i Janteloppet sikra Runar også åttandeplassen i samandraget i årets Ski Classics. Det er hans nest beste plassering i samanlagttevlinga – i 2021-2022-sesongen vart han nummer sju. Johan Hoel frå Team Ragde Charge vann samanlagttevlinga, medan Emilie Fleten frå Team Ramudden vann kvinneklassa.

– Eg hadde håp om å kanskje vera inne blant dei fem beste, men det rauk litt poeng på slutten, forklarar Runar.

– Det har også vore eit kult år, med veldig mange som har gjort det godt. Det har vore morosamt å vera Lager-157-løpar i år, slår han fast.

Han er også Lager 157-løparen med den høgaste samanlagtplasseringa, og er med det for fyrste gong sidan han signerte for Lager 157 framom fjorårets suverene samanlagtvinnar Emil Persson.

Snusar du på ei kapteinsrolle til neste år?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det veit eg ikkje, eg vil tru Emil er det når han er tilbake for fullt. Men når det er sagt, får me ganske frie tøylar til å gå for oss sjølve på laget, det er lite faste roller, svarar Runar.

Sjølv om skisesongen var over i helga, kunne ikkje Runar leggje seg på latsida – denne veka hadde han nemleg eksamen. Den sto han på, og då sto berre den sosiale delen av sesongavslutninga att.

– No er det to dagar med sponsorarrangement i regi av Moelven, som er ein av dei største sponsorane laget har. Her er det litt føredrag og nettverksbygging.

– Eg håpar også å koma meg inn på Hardangervidda og få fiska litt, om eg har tid. Men erfaringa tilseier at sesong-oppkøyringa plutseleg er i gang att, held han fram.