Petter Northug Jr. kjem til Rauland for å delta i motbakkeløpet Rauland Power Climb.
Petter Northug Jr. kjem til Rauland for å delta i motbakkeløpet Rauland Power Climb.

Petter Northug Jr. skal klatre opp motbakkane i Rauland

Ein av Noregs desidert mest populære skiløparar kjem til Rauland for å delta i langrennsmotbakkeløpet Rauland Power Climb i mars. Det blir noko av det fyrste han gjer etter at han la opp i desember.

Rauland Skisenter inviterer til Rauland Power Climb helga 22.–24. mars, og Petter Northug Jr. har meldt frå om at han kjem alt, skriv salssjef Håvard Kleven ved Rauland skisenter i ei pressemelding. 

– Dette blir ei knallhelg i Rauland, der me får celebert besøk av Petter Northug og Jan Gunnar Solli spelar opp til fest og dans heile helga, seier Kleven. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Power Climb-en finn stad i Holtardalen på laurdagen. I fjor deltok Therese Johaug i det same løpet. 

– Dette kjem til å bli det største vinterarrangementet i Telemark på mange år, og me vil oppmode folk til å vera tidleg ute med å melde seg på, avsluttar Kleven.