Medaljedryss: Gisle Snarteland (bak frå venstre), Elina Månsson, Natalie Indine Hansen og Annika Louise Hendriks Flatin. Framme frå venstre Sefian Adnan, Mohammad Alhamid og Magnar Syrtveit Mikalsen.

Medaljedryss på symjestemne

Symjarane frå Grenland symje- og redningsklubb som trenar i Seljord hausta med seg mange medaljar heim frå stemne i Nittedal førre helg. Nå trenar dei til noregsmeisterskap.

– Me hadde med oss Gisle Snarteland, Sefian Adnan, Natalie Indine Hansen og Annika Louise Hendriks Flatin som alle tevlar i klassen «nippers», seier symjetrenar Hanna Merete Karlsson.

Ho fortel at dei fire deltakarane stilte på øvinga 50 meter redning av dukke med og utan symjeføtter, og dessutan 50 meter redning med torpedo som individuelle øvingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Deltakarane stilte også saman som lag på 4×25 meter livredding, 4×25 meter dukkestafett, 4×25m medleystafett og redning med line. Her fekk me sjå eit skikkeleg godt redningssamarbeid, seier Karlsson.

Symjarane i klassa yngre junior, Magnar Syrtveit Mikalsen, Elina Månsson og Mohammad Alhamid kom heim med seks medaljar.

Symjetrenaren fortel også at i individuelle øvingar tok Magnar bronse i to øvingar og Elina Månsson bronse i 50 meter utan symjeføter. Lagøvingane resulterte i eitt sylv til Magnar, Elina, Mohamad og Sefian, ei bronse til Magnar, Elina, Mohamad og Gisle og ei bronse til Mohamad og Elina. I tillegg fekk Gisle ei bronse.

– Med totalt sju medaljar og fine pokalar til Nippers, var alle deltakarane strålande fornøgd med eigen innsats. Nå ladar me opp og trener for NM i april i Horten, seier Karlsson.