SKI: Oppkøyringa til neste sesong er i gong både for Ingerid Vadder (t.v.) og Gunhild Kvålseth som båe går på skigymnaset på Hovden.

Langrennsløparane kjenner seg heldige som kan trene som normalt

Snømåking, sykling og rulleski. Runar Skaug Mathisen, Gunhild Kvålseth og Ingerid Vadder har trena meir eller mindre som normalt, og er i gang med oppkøyringa til neste sesong.

Gunhild Kvålseth (17) ser fram til å ta til på siste året ved Hovden skigymnas til hausten, og vonar å få trent mykje på rulleski i sommar.

– Fjorårssesongen var ikkje så bra, då eg var sjuk heile hausten. At sesongen vart avslutta så brått hadde ikkje så mykje å seie for meg, då eg ikkje var i den forma eg skulle ynskje. Men det var fleire store renn som eg hadde gledd meg til, og som eg trudde eg kunne har gjort det bra, som vart avlyst, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

April plar vanlegvis vere ein roleg månad for langrennsløparar, der 1. mai vert rekna som starten på oppkøyringa til neste sesong. Sjølv om mange av konkurransane i sommar er avlyst og det er uvisst kva som skjer til hausten, er det treninga Kvålseth fokuserer på for tida.

– Då er det nytt treningsår og eg aukar stadig på med treningstimar. Eg har følgd planen, og det er veldig viktig å ikkje bli motlaus. Ein må berre tenkje at dette ein dag er over, held ho fram.

Strengt på internatet på Hovden

Blinkfestivalen i Sandnes er ikkje avlyst, men opnar truleg ikkje for andre enn seniorløparar.

– Det er lite truleg at eg kan delta der. Difor blir det mykje trening på eiga hand på rulleski og springing. I tillegg til styrketrening, seier ho.

Sjølv om langrennsidretten ikkje er hardast råka av restriksjonar, fortel Kvålseth om fleire reglar på Hovden skigymnas.

– Me er attende på skulen med strenge retningsliner. Mellom anna kor mange som kan vere på kjøkkenet samstundes på internatet, og kor mange som kan trene saman. Me har også fått melding om å gå så lite på butikken som mogleg, av omsyn til lokale innbyggjarar på Hovden. Men dette passar oss eigentleg bra, då skiløparar vil vere minst mogleg sjuke, seier ho.

Kvålseth gler seg til neste sesong, og ynskjer å vise kva ho er god for.

– Målet er å ta ein del topp 15-plasseringar i noregscupen for kvinner 19/20. Eg likar meg godt på dei lengste distansane 7,5 kilometer og 10 kilometer, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måka hyttetak

Langløpspesialisten Runar Skaug Mathisen reflekterer over situasjonen og meiner langrennsløparane er heldige trass alt.

– Då alt vart avlyst vart det på ein måte arbeidsløyse for oss også, som med mange andre. Men slik sett er ein heldig med at ein kan trene som normalt. Ein vert oppmoda om å vere utandørs, og då har det blitt mykje skigåing i desse månadene som det har vore flotte snøforhold, seier han.

Han fekk også trent mykje styrke i mars og april, takka vere hytteforbodet.

– Eg fekk også jobb med å måke hyttetak i perioden etter stenginga. Difor kan ein seie at det vart litt styrketrening då, seier Mathisen.

Årets sesong var han veldig nøgd med fram til etter Marcialonga i Italia.

– Då oppnådde eg dei måla eg hadde sett meg. Målet var å vere topp 20 i alle langløp, og eg fekk ein 14.-plass i Marcialonga. Der trefte eg med dagsforma og fekk ei artig oppleving som eg synest var veldig moro, seier han.

– Etter det løpet vart eg sjuk og vart det litt for lenge, slik at eg mista mykje trening. Eg trudde eg var betre då eg deltok i Helterennet, men det gjekk ikkje som forventa. Då var det greitt at sesongen var over, seier han.

Helterennet: Runar Skaug Mathisen kom ikkje tilbake i form etter ein sjukdomsperiode i vinter, men ser ljost på neste sesong.

Hardt råka

Han gjekk glipp av Birkebeinerrennet og 5-mila i NM på grunn av stenginga. Samstundes har han fått trent mykje på ski på grunn av gode forhold, og hadde siste skiøkta på Sjusjøen den 23. mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trenar som om at neste sesong går som normalt, men er uroa for mange av langløpa som går i Mellom-Europa.

– Dei fleste langløpa er i Italia, Sveits og Austerrike. Land som er hardt råka av Covid-19. Det blir spanande å sjå kva som vert arrangert til vinteren. Men eg trur det blir fleire renn i Noreg om det skulle bli mange avlysingar i Europa, seier han.

Skulle det bli langdistanse-cup som normalt har han mål om å ta ytterlegare steg og få fleire topp ti plasseringar og kanskje ein pallplass som han har ein god dag.

– Alt i alt er me heldige som driv med individuell idrett og kan trene for oss sjølve, legg han til.

Bra tidspunkt

Ingerid Vadder skal opp i andre klasse på skigymnaset på Hovden og ser også lyst på skiframtida, og trenar nokså normalt.

– Sesongen avslutta brått, men eg var særs nøgd med den over eitt. Høgdepunktet var nordisk juniorlandskamp i Falun, der eg fekk gull på sprinten. Gull på junior-NM i sprint var også stas, seier ho.

– For oss langrennsløparar kunne nesten ikkje sesongen blitt stoppa på eit betre tidspunkt, når det fyrst skjedde. Me var i ferd med å gå inn i den rolegaste tida, og kan trene på eiga hand.

Ho ser fram til ein sommar med hard trening.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir mykje sykling, rulleski og springing. Eg ser fram til neste sesong, då eg skal konkurrere i 18-års klassa. Det vert vanskeleg, då det er mange gode løparar. Men eg skal trene vidare på det eg kan, seier ho.

Sprint er framleis favorittgreina, men ho likar alle distansane.

– Akkurat no er ikkje langrenn det verste ein kan drive med, med høve til restriksjonar og avgrensingar, legg ho til.

Imponerte: Ingerid Vadder frå Ordal tok to gull på sprint i årets sesong.