Fekk kulturstipend: Langrennstalentet Johanne Lønnestad Flaaten fekk kulturstipendet frå Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord.

Johannes er årets kulturstipendvinnar

Skitalentet Johannes Lønnestad Flaaten fekk årets kulturstipendet frå Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord.

Kulturstipendet er på 20 000 kroner og skal gå til ein kultur- eller idrettsutøvarar mellom 15–25 år som er busett i Seljord kommune. På nasjonaldagen overrekte ordførar Beate Marie Dahl Eide prisen til den unge og lovande langrennsløparen Johannes Lønnestad Flaaten.

– Prisvinnaren bur i Seljord, men er mykje på Hovden skigymnas. I Nordisk juniorlandskamp i Falun representerte han Noreg. Han fekk ein sølv i sprinten og eit gull som ankermann for Norge på stafetten. Han fekk også sin første pallplass i norgescup sprint i Holmenkollen og blei nummer tre i Norgescupen samanlagt. Han vert skildra som ein god rollemodell og inspirasjon, og ein som tek ansvar utover seg sjølv, sa juryen i sin grunngjeving.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Johannes skal gå for Morgedal IL
Les også
– Det største eg har prestert så langt