TOPPLØP: Eline Noraberg presterte då det gjaldt som mest i junior-NM i skiskyting.

Eline (17) med karrierebeste i NM

Eline Noraberg har hatt ei fin utviklingskurve etter at ho for fem år sidan byrja med skiskyting. Seljord-jenta gjennomførte sin beste konkurranse nokosinne, då ho gjekk inn til ellevteplass i junior-NM på laurdag.

– Eg hadde som mål å få til gode løp då eg kom til Lillehammer. Eg kjende eg lykkast ganske bra med det på sprinten. Det var litt surt at eg berre var to sekund unna mi aller første topp ti-plassering i nasjonale renn. Men det brukte eg ikkje noko energi på, seier Eline til Vest-Telemark blad.

Noraberg som fyller 18 år i september, var meir fornøgd med ellevteplass enn skuffa over at ho så vidt det var hamna utanfor topp ti-lista i det andre junior-NM-et sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

18.-plass var det beste Eline hadde i noregscupsamanheng, før ho kom til junior-NM. Den solide forbetringa kjem av at ho no er i ferd med å få utteljing for treningsarbeidet som er lagt ned dei siste åra. Spesielt etter at ho byrja på skiskyttarlinja ved Sirdal vidaregåande skule, har det vorte meir struktur på den fronten. Førre sesong var prega av at Eline var for flittig på den fronten. Ho gjekk i den klassiske fella og trena litt i meste laget.

For stor totalbelastning

Totalbelastninga vart rett og slett for stor for den dedikerte skiskyttaren. Det vart mykje nytt å ta omsyn til etter at ho flytta på hybel og internat i Agder. Ho fekk henta seg inn mot slutten av vinteren og på vårparten. Sidan har treninga stort sett gått etter planen for Eline som stortrivst i Sirdal. Sjølv om det er langt heim. Spesielt i vinterhalvåret når det tek mange timar å flytta seg frå kraftkommunen og tilbake til vestfylket der ho har røtene.

– Eg har planar om å vera i Sirdal i tre eller fire år. Eg likar meg så godt at eg vurderer å ta det tredje og siste året over to år. Me har nemleg tilbod om det, seier Eline som har Linda Tjørhom Grubben som trenar, den tidlegare skiskyttaren som har VM-gull i premiesamlinga og veit kva som må til for å lykkast i denne idretten.

Noraberg kan fortelja til VTB at ho har lært mykje av den mangeårige landslagsløparen.

Kapasiteten har vorte betre

Det er spesielt på to område at Eline har vorte mykje betre.

– Den fysiske kapasiteten har eg forbetra mykje etter at eg byrja i Sirdal. Det siste halvåret har eg også vorte ein mykje betre ståandeskyttar. Terpinga på standplass har gitt resultat. Junior-NM var det store målet i vinter. Eg håpar også eg skal klara å kvalifisere meg for noregscupfinalen som blir arrangert i Alta rett før påske. Det er dei 30 beste i klassa som får vera med der, seier Eline som i utgangspunktet skulle ha konkurrert i Nord-Noreg i helga òg.

Det var nemleg Tromsø som skulle vera vertskap for junior-NM. Men på grunn av lite snø og eit dårleg langtidsvarsel, valde Noregs skiskyttarforbund å flytta rennet sørover. For Eline hadde det ikkje så stor betydning om det vart Tromsø eller Lillehammer, ettersom det vart ei lang reise uansett. Det var elles på standplass at ho la grunnlaget for den flotte niandeplassen. Ni av dei ti skota sat der dei skulle.

– Det er som sagt kjekt å sjå at treninga eg legg ned gjev resultat. Eg håpar det skal vera mogleg å få gode resultat også i fortsetjinga, seier Eline Noraberg.

Artikkelen held fram under annonsen.