Årets trenar: Eivind Arne Bjaaland

Eivind Arne er årets langrennstrenar

Fyresdølen Eivind Arne Bjaaland er kåra til årets trenar i langrenn.

Det melder Noregs skiforbund på si nettside onsdag. Fyresdølen er trenar for Team Elon Vest, eitt av fem regionlag under langrennsparaplyen i Noregs skiforbund. Han er klar for sin sjette sesong som trenar for laget.

– Det er kjempehyggeleg å bli sett pris på. Først og fremst må eg takke laget mitt som er ein utruleg gjeng med utøvarar som er glade i å trene, seier Bjaaland til Noregs skiforbund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han takkar Trenarklubben og seier det er ei stor ære å få prisen.

Juryen seier Bjaaland er «ein litt utradisjonell trenartype som brukar seg sjølv, er open om sine eigne utfordringar, om at livet ikkje alltid er rett fram».

– Han har lukkast godt saman med sine løparar. Dette skuldast ikkje berre hans teoretiske fagkunnskapar som trenar, men like mykje medmennesket, meiner juryen.

Dei trekkjer også fram at han er tøff og at han krev fokus, men at han samtidig er god til å sjå alle i laget.

Årets trenar er ei heidersutmerking som går til ein trenar som bidrar til å fremje langrennssporten på ein sunn måte og i tråd med skiforbundets normar og verdiar. I juryen sat Per Elias Kalfoss (leiar), Monika Kørra og Maj Helen Nymoen. Prisen består av: heider, ære, eit diplom og eit utdanningsstipend på 5000 kroner.

Bjaaland var som aktiv utøvar den mest lovande skiskyttaren i landet og blei noregsmeister for junior heile fire gonger. Han tok også medalje i junior-VM.

Les også
– Ei eventyrleg reise
Les også
Ut av mørkret

I fjor var Eivind Arne Bjaaland éin av ni deltakarar i Vest-Telemark-leikane. Alle episoidane kan du sjå her (gratis).