annonse

Eitt minutt bak vinnaren

21. plass
21. plass: Ingerid Vadder frå Morgedal. Arkiv (Foto: Stein Olav Lie)

+ Ingerid Vadder leverte ein sterk femkilometer under hovedlandsrennet på Gålå.

  • Aslak Ringhus

Ingerid Vadder frå Morgedal IL var berre dryge minuttet bak vinnaren på femkilometeren under hovedlandsrennet fredag. Langrennsløparen gjekk i mål på tida 14.46,1. Det var den 21. raskaste tida av dei 200 deltakarane som fullførte i klassa jenter 16 år.

På sprinten laurdag blei Vadder slått ut av prologen med særs knapp margin. Ho var under eitt sekund frå å kvalifisere seg til kvartfinalen, og gjekk inn til ein 34. plass.

Klubbkamerat frå Morgedal, Daniel Andersen Pedersen enda på 107. plass i 16-årsklassa på fredag. Olav Haugeberg Midtbø frå Vinje IL kom på 234. plass i 15-årsklassa.

redaksjon@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse