Avgjerande: Colorado var avhengig av at Johannes Lønnestad Flaaten heldt på 11.-plassen for å vinne. Det gjorde han!

Dramatikk til siste stavtak då Johannes og laget sikra samanlagtsigeren: – Spesielt å vinne som eit lag og kunne dele gleda saman

Colorado University, med seljordingen Johannes Lønnestad Flaaten på laget, tok den fyrste samanlagtsigeren sidan 2015. Han fekk ei sentral rolle då sigeren vart sikra.

NCAA

• National Collegiate Athletic Assoication (laust omsett til nasjonalt studentidrettsforbund) vart stifta i 1947 og er ansvarleg for organiseringa av universitetsidrettar i USA

• Organiserer tevlingar i 24 ulike sportar, der dei med flest deltakarar er delt inn i tre divisjonar

• Kvart universitet tevlar som lag, i individuelle idrettar får dei poeng basert på enkeltprestasjonane

• Ski-tevlinga inkluderer både alpint og langrenn, og er ein av tre idrettar der tevlinga går på tvers av kjønn – menn og kvinner deltek i eigne klasser, men samlar poeng i same tevling

• Sesongen kulminerer i ei finalehelg, der dei tre beste utøvarane frå kvart universitet blir plukka ut

– Flaaten låg på 12. plass førre gong me såg han. Om han kan klatre éin eller to plassar kan Colorado ta sigeren, opplyste den amerikanske kommentatoren under innspurten i klassiskrennet i NCAA-finalen i Steamboat i Colorado laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

University of Utah, som har vunne dei siste seks åra på rad, hadde 17 poengs forsprang då rennet starta, men Johannes sine to lagkameratar, Magnus Bøe og Will Koch, hadde sørgja for at forspranget hadde krympa monaleg då seljordingen nærma seg mål.

Bøe, som kjem frå Oslo, gjekk inn til siger i sitt siste college-renn, etter å ha skaffa seg ei god luke tidleg i det 20-kilometer lange løpet. Koch, som er son av den tidlegare verdscupvinnar og OL-medaljør Bill Koch, tok tredjeplassen. Dei tre Utah-løparane kom inn på oppløpet samla, og tok 6., 7. og 8.-plassane. Då kunne kommentatoren altså opplyse om at Johannes kunne sikre Colorados fyrste siger på ni år dersom han klatra frå 12.-plassen han låg på, og brått kom seljordingen rundt svingen på oppløpet – som nummer 11.

Johannes kryssa målstreken, vart teken imot av lagkameratane og kunne sleppe jubelen laus for samanlagtsiger. Etter litt matematikk frå arrangørane vart det klart at Colorado hadde enda på 569,5 poeng, to framom Utah – den minste sigersmarginen sidan 1976.

– Det er veldig gøy, eg har hatt nokre morosame opplevingar tidlegare, men det er noko spesielt å vinne som eit lag og kunne dele gleda saman, seier Johannes etter triumfen.

Eigentleg hadde han ikkje sin beste dag i sporet, men han seier 7,5 kilometer skøyting torsdag gjekk betre, då vart han nummer sju. Han skjønte ikkje kor tett det var før han nærma seg oppløpet.

– Laurdag vart det ein kamp frå start. Eg skjønna ikkje at det var så tett før siste 400 meter, då eg fekk beskjed at eg måtte halde ein løpar bak meg, men det tok litt tid før vi skjønte det i målområdet, fortel han.

Etter sigeren reiste heile laget ut å feira med middag, før utøvarane heldt fram med festen utover kvelden. Om nokre veker får han det fysiske provet på sigeren – meisterskapsringen.

Ringen er ikkje det einaste som seljordingen kan ha i vente som fylgje av sigeren, tradisjonen er nemleg også at alle vinnarlaga blir inviterte til det kvite hus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det veit eg ikkje så mykje om endå, seier Johnanes.

I USA: Johannes Lønnestad Flaaten.

– Større enn junior-VM

Laurdag kveld, norsk tid, sat far, Hans Flaaten, spent og fylgde med på sonen. Tidlegare på dagen, medan det endå var natta før finalerenna i USA, var han heller pessimistisk.

– Då kan gutane senke skuldrene. Dei har ingen moglegheit for å ta att Utah, meldte han.

Han hadde historisk belegg for pessimismen – Colorado låg 51 poeng bak Utah, på 3. plass samanlagt. Aldri før hadde nokon klatra frå tredje til fyrste i løpet av finaledagen, og berre ein gong hadde nokon klart å tette ei større luke, Colorado sjølve i 2006.

Etter eit solid løp av jentene, der dei korta ned forspranget til Utah til 17 poeng, såg det brått lysare ut, og då sonen sikra ellevteplassen kunne Flaaten senior juble – snuoperasjonen var eit faktum.

– Dei vann hele greia. Ei ekstatisk oppleving som han sette over junior-VM gull, laud meldinga hans laurdag kveld.

Glad for at han tok sjansen

– Fyrste sesong i USA har fyrst og fremst vore veldig gøy, det er ei heilt anna atmosfære og ei anna lagkjensle, som har vore veldig morosamt! Resultata mine har vore heilt ok, men neste år håpar eg å kunne gå endå fortare, oppsummerer Johannes.

Far Hans er også glad for at sonen valde å reise over Atlanteren for å utvikle seg vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er som ein slags noregscup der borte, og alle som var framom Johannes på torsdag er verdscuputøvarar, seier han, og viser til at sonen har sanka poeng gjennom heile sesongen.

– Han har vel to åttandeplassar, to femteplassar og éin fjerdeplass.

Når ein ser korleis det går med dei han tevla mot heime i Noreg medan han budde her blir Hans ekstra takksam for sonens val.

– Dei kjem på 80.–90.-plass noregscupen. Det kan ikkje vera særleg morosamt, eg er så glad han reiste til USA, seier han.

I tillegg får Johannes mykje høgdetrening som ein del av programmet, i Colorado trenar dei på 3000 meter, medan konkurransen i Steamboat var på 2200 på sitt lågaste punkt.

– Det tok litt tid å venne seg til, men ein får godt utbytte. Johannes fortel det er stor forskjell på 2000 og 3000 meter, seier Hans.