Fyrste halvmaraton: Åsmund Christenson frå Edland har fått sansen for dei lange løpa.

Åsmund lét seg ikkje stoppe av snø, haglbyer, regn og sur vind

Åsmund Christenson var aktiv i oppveksten og ungdomsåra. Det gjekk i både langrenn, randonee, springing og fotball. I godt vaksen alder har 29-åringen frå Edland, fått smaken på dei lange løpa.

– Eg har blitt litt biten av løpsbasillen. Eg synest det er artig å springe, og ikkje minst teste ut litt lengre distansar. Dette var mitt første halvmaratonløp. Men eg trur ikkje det var det siste. Sjølv om eg kanskje ikkje kunne ha valt ein meir kupert og tyngre trasé. Utfordringa blei ikkje akkurat mindre av at det var så krevjande og tøffe forhold, sa Åsmund etter at han hadde gjort seg ferdig med meir enn 21 kilometers springing i Trondheim Skogsmaraton.

Årets utgåve blei ei kraftprøve. Mest på grunn av forholda. Snø, haglbyer, regn og sur vind er ingen god kombinasjon. Christenson som er vand med litt av kvart på vêrfronten, klaga likevel ikkje – sjølv om det var utfordrande å halde seg på beina på det gjørmete og sleipe underlaget. Spesielt i dei brattaste utforbakkane. I Trondheim Skogsmaraton er det mange høgdemeter som skal bli forsert før deltakarane kan krysse mållinja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk lyst til å doble distansen

– Eg har halde på både med langrenn, randonee og motbakkeløp, og likar at det er kuperte løyper. Springing er noko eg har begynt med i det siste. I oktober i fjor deltok eg på kvartmaraton i Trondheim Skogsmaraton. I år fekk eg lyst til å doble distansen. Dermed meldte eg meg på 21,1-kilometeren. Eg har ikkje vore med i andre løp i år. Neste år kan det bli aktuelt, sjølv om eg ikkje har konkrete planar, sa vesttelen som på sikt ikkje er framand for å springe maraton.

Åsmund Christenson har likevel ingen umiddelbare planar om å prøve seg på 42,2 kilometer på asfalt eller i terrenget. Det er moglegheit for å finne litt mjukare underlag ettersom det blir arrangert nokre terrengmaraton rundt om i landet.

Ein forsmak på vinteren

Åsmund reiste til Trondheim for å studere etter at han var ferdig på vidaregåande. I år var han ferdig med studiane. Slitaren valde å bli i trønderhovudstaden, ettersom han fekk tilbod om jobb i kartverket.

– Eg likar meg godt i Trondheim, og valet var forholdsvis enkelt då eg fekk tilbod om ein interessant jobb. Det er også fleire av dei som eg har valt å studere saman med, som har blitt i byen. Det største spenningsmomentet framfor halvmaratondebuten var vêr- og løypeforholda. Eg var førebudd på at det kunne bli ein kraftprøve ettersom det var meldt mykje nedbør. Gjørma og underlaget kom som ein konsekvens av nedbøren, sa det lokale innslaget som fekk ein forsmak på vinteren i helga.