Det var stor iver etter å kome i gang med langrennet i Vrådal sundag.
Det var stor iver etter å kome i gang med langrennet i Vrådal sundag.

90 møtte til skiduell

Sundagens skirenn i Vrådal samla mange deltakarar i alle aldrar. Og gleda over å gå på ski hadde dei felles.

Lite snø gjorde at arrangørane, Vrådal IL, gjorde om på stilarten i sundagens renn. Planen var å la rennet gå i klassisk stil, men i staden blei det arrangert i friteknikk.

Stort sett heile bygda var i sving under arrangementet. Det er mykje som skal gjerast både på førehand, under rennet og etterpå. Alt frå løypepreparering til premieutdeling, tidtaking og matlaging for å nemne nokre få tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når Bjørg Nekstad er i nærleiken er det mat også. Slik er det her i Vrådal, og det er både suppe, vaflar, pølse og mykje anna å få kjøpt, opplyste speaker Toralf Grave.

Mange duellar

Dei yngste deltakarane var heilt ned i to år. Dei gjekk ein liten runde rundt fotballbanen i Vrådal.

Dei større gjekk litt lenger, og dei største, altså vaksne, gjekk tre rundar i ljosløypa før dei kunne passere målstreken.

Ståle Moen Lid, Høydalsmo IL (t.v.), og Egil Birkrem, Flatdal IL, kniva på oppløpet.
Ståle Moen Lid, Høydalsmo IL (t.v.), og Egil Birkrem, Flatdal IL, kniva på oppløpet.
Anette Reiersdal, IL Tørn, er i gang med runda si.
Anette Reiersdal, IL Tørn, er i gang med runda si.
Tvillingane Vilde (t.v.) og Stine Veum Aas, Fyresdal IL, blei nummer 3 og 4 i J12.
Tvillingane Vilde (t.v.) og Stine Veum Aas, Fyresdal IL, blei nummer 3 og 4 i J12.
– Eg er litt nervøs, men eg skal gå så fort eg kan, sa Kristoffer Haugerud Andersen, Vrådal IL, like før start.
– Eg er litt nervøs, men eg skal gå så fort eg kan, sa Kristoffer Haugerud Andersen, Vrådal IL, like før start.
Ingerid Vadder (t.v.), Morgedal IL, tok ein knallsterk 2. plass i Oslo skifestival laurdag. Vinnar blei Synne Herheim (i midten), Geilo IL, med Emma Axelsson, Oppegård IL på 3. plass.
Ingerid Vadder (t.v.), Morgedal IL, tok ein knallsterk 2. plass i Oslo skifestival laurdag. Vinnar blei Synne Herheim (i midten), Geilo IL, med Emma Axelsson, Oppegård IL på 3. plass.
Even Nordbø, FSSL, skaut godt på sundagens sprint i Stryn. Det gav han 5. plass.
Even Nordbø, FSSL, skaut godt på sundagens sprint i Stryn. Det gav han 5. plass.
Halvor Eidissen og Hege Kittelsen, båe IL Dyre Vaa/Team Brukås Sport, gjekk bra i Stryn. Særleg gjorde Kittelsen det godt med ein sterk 5. plass på sprinten.
Halvor Eidissen og Hege Kittelsen, båe IL Dyre Vaa/Team Brukås Sport, gjekk bra i Stryn. Særleg gjorde Kittelsen det godt med ein sterk 5. plass på sprinten.

– Eg er litt nervøs, men eg gler meg, seier start nummer 41, Kristoffer Haugerud Andersen (G9) frå Vrådal IL.

– Kva har du under skia i dag?

– Ingenting, eg går på smørefrie ski. Men eg skal gå så fort eg kan i alle fall, svarar han.

Svært mange duellar blei avgjort på målstreken. Fleire klasser starta saman og gav dermed mange tøffe innspurtar. Ikkje minst gjorde kampen om topp-plasseringane i seniorklassa/menn 17–20 år det. Men til slutt var det Ståle Moen Lid (M17–20) Høydalsmo IL, som fekk eit par meter på Egil Birkrem (senior), Flatdal IL. Suveren vinnar i seniorklassa blei Karl Gunnar Bø frå IL Tørn. På dei neste plassane kom Asbjørn Byggland (senior), Høydalsmo IL, føre klubbkamerat Gunnar Ofte (senior) og Henrik Taraldlien (M17–20), Åmdal IL.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk 2. plass av Vadder

I helga gjekk Oslo skifestival av stabelen i Holmenkollen. Frå Vest-Telemark stod Ingerid Vadder, Morgedal IL, for ein framifrå prestasjon då ho blei nummer 2 i klasse J13. Vadder var 15 sekundar bak vinnaren Synne Herheim, Geilo IL. Det var heile 106 startande i klassa.

Av andre vestelar blei Sigrid Verpe, Vinje IL, nummer 25 i J12, Torje Grestad, Morgedal IL, nummer 42 i G11, Daniel A. Pedersen. Morgedal IL, nummer 26 i G13, Gunnar Sørkås, Kviteseid IL, nummer 118 i G16. I G10 deltok Adrian A. Pedersen, Morgedal IL.

 

Gode skiskyttarar

Det var mange sterke prestasjonar i noregscuprennet i skiskyting i Stryn i helga. Hege Kittelsen (K19), IL Dyre Vaa/Team Brukås Sport, gjorde sitt beste resultat i noregscupen med 5. plass på sprinten sundag. Kittelsen gjekk ikkje normaldistansen laurdag.

Even Nordbø (M20–21), Fyresdal skiskyttarlag (FSSL), gjekk også eit sterkt løp sundag, og han blei også nummer 5 i si klasse på sprinten. På normaldistansen gjekk det litt tråare, og han enda til slutt på 40. plass. Det var skytinga som svikta laurdag.

Torjus N. Fossli (M19), FSSL, blei nummer 31 båe dagar.

Halvor Eidissen, IL Dyre Vaa/Team Brukås Sport, blei nummer 30 på normaldistansen, og nummer 19 på sprinten.