Fangsten: Godt resultat på sommarens fiskekonkurranse i Vrådal. Foto: Privat

65 personar drog opp nærare 100 fisk på årets fiskekonkurranse

Det vart stor suksess under helgas fiskekonkurranse i Vrådal.

Heile 65 personar deltok i konkurransen, og det vart fiska i Svartjønn, Kaldvatn, Ljosvatn, Nisser, Linglitjønn, Høystøyltjønn, Sandtjønn, Tjønnstøyl og Vråvatn.

Resultatet vart nærare 100 fisk, eller om lag 20 kilo fisk. Ivrige fiskarar finst det i alle aldrar, og i konkurransen var 22 av deltakarane under 16 år, 34 over 16 år og det var også 9 deltakarar i oterklassa.

Det er Vrådal sportsfiskarlag, Vrådal fiskelag og Vrådal villmark og fritid AS som arrangerte fiskekonkurransen, og Team Vrålid stakk av med fyrstepremie for største fisk og fekk ei fiskestong for innsatsen.

Premielista

Største fisk:

Team Vrålid. (455 gram)

Oterklassa:

1. 6829 gram totalt Team Vrålid.

Sportsfiske over 16 år:

1. Jarand Straumsnes med total mengde 4441 gram.

2. Birger Skipar 1451 gram.

3. Marianne Haugland 836 gram.

4. Kristina Lønnegraff 600 gram.

5. Sylvia Morgenfeldt 505 gram.

Sportsfiske under 16 år:

1. Martin Dahle Auestad 1433 gram.

2. Andreas Lønnegraff 1302 gram.

3. Amund Dahle Auestad 1267 gram.

4. Aslaug Øy 475 gram.

5. Hans Øy (Junior) 440 gram.

100 fisk: 65 deltakarar fekk 100 fisk i Vrådal i helga. Det tilsvarar om lag 20 kilo med fisk. Foto: Privat