Tarjei Gjelstad er aktiv telemarkskøyrar og styreleiar i Norsk Skieventyr. Han har lang bakgrunn som formidlar av historia til telemarksskia. Foto: Privat

Trur på ny renessanse for telemarksskia. – Utstyr som kan konkurrere med randoneeskia

Telemarksski har vore gjennom opp- og nedturar sidan 1800-talet. Dei siste åra har dei blitt sjeldnare å sjå i Noreg, men ein historikar trur telemarksskia kan få ein ny popularitet.

Telemarkskøyring er ein skiteknikk for nedkøyring i bratt og snødekt terreng. Telemarksteknikken blir rekna som ein særleg effektiv svingemåte i laus snø og blir karakterisert ved at skia berre er festa ved tåa på skistøvelen og har laus hæl, ofte med bruk av binding av typen rottefella.

På 1980-talet blei det selt fleire hundretusen par telemarksski kvar vinter. Dei siste tiåra har skia med norsk opphav derimot vore lite ettertrakta og er no nede i nokre tusen selde par per sesong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men telemarksskia har vore gjennom oppturar og nedturar før, fortel Tarjei Gjelstad. Han er styreleiar i Norsk Skieventyr – eit skimuseum i Morgedal – og har lang bakgrunn som formidlar av norsk skihistorie, og spesielt telemarksskia.

Gjelstad trur nye grep kan gjere at fleire får auga opp for den tradisjonelle norske skitypen og -teknikken igjen.

På ski til arbeid

Bruken av ski i Noreg er fleire tusen år gammal, og det finst funn av ski som skal vere 5000 år gamle her til lands. I «Heimskringla» skreiv Snorre Sturlason at skibruk var vanleg i Noreg i vikingtida.

Opphaveleg var ski eit arbeidsreiskap. Skulle ein til skogs på vinteren, var ski framkomstmiddelet ein brukte, om det så var til å hogge ved eller jakte.

Lenge var det forskjellige former på skia. Det blei brukt lange ski til fjellet, ofte med ei lang ski og ei kort ski til å sparke frå med. I ulendt terreng og i skogen brukte ein ski som var kortare og breiare.

– Det er likevel usikkert når hælstroppen blei innført, og også innsving eller karving er vi usikre på kven som fann opp og når, seier Gjelstad.

Skisvingen til Sondre Norheim

Skal ein skrive om norsk skihistorie – og spesielt om telemarksski – er det ikkje mogleg å kome unna namnet Sondre Norheim.

Han var fødd i 1825 og blir omtalt som «den moderne skisportens far». Heimbygda hans Morgedal blir òg omtalt som «skisportens vogge».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han byrja å bruke ei stiv hælbinding av vidje. Det gjorde at han fekk festa skia til hælen og foten. Om det var han som fann det opp, eller om han hadde høyrd eller sett det frå andre stader, er usikkert, men det er han som er kjend for å ta den i bruk.

Dei nye bindingane gjorde at ein kunne hoppe utan å miste skia, og svinge og styre i snøen. Skia blei òg breiare framme og bak, og smalare i midten, slik det blei lettare å svinge i laussnø.

– Sondre Norheim var ein ivrig skiløpar og vart invitert til Christiania i 1868, der han var suveren på skirenn. Dei andre la merke til skia han hadde, og det førte til at fleire tok i bruk skimodellen han brukte.

Skileik og konkurranse

På denne tida – i 1868 – var ski i utgangspunktet framleis brukt til og frå arbeid. Men det starta å bli større interesse for skileik og ski-konkurransar på fritida. Skia var likevel i hovudsak eit framkomstmiddel til langt ut på 1900-talet, og blei kalla «husmannshest».

Likevel byrja skikonkurransar som «skiløyping», ein tidleg versjon av langrenn, å bli populære.

– Då var det telemarkingane som dominerte resultatlistene rundt om. Dette gjorde at omgrepa telemarksski, telemarksnedslag og telemarksving blei brukte. Dei kjem av at når ein hoppar i laussnø, må ein leggje den eine foten framføre seg og fjære litt. Då landar ein lettare og er klar for å svinge ved å leggje tyngda på den fremste foten. Landar ein med føtene saman, går ein på trynet, fortel Gjelstad.

Stordomstida

På 1920 og 1930-talet byrja skibakkar å bli preppa og trakka i Noreg og Europa. Den alpine svingen, med låste bindingar på hælen, blei populær. Då vart det ikkje lenger populært med telemarksski og telemarkssving, og dei forsvann meir og meir, men aldri heilt, fram til 1970-talet.

– Amerikanarar byrja å gå på toppturar på ski på 70-talet. Då var det med ein telemarksbinding som var så stødige at dei kunne løype utfor utan å feste hælen. Dette kom vidare til Europa og Noreg, og gjorde at telemarksski og telemarksvingen fekk ein renessanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

I nokre tiår var telemarksski i ein oppsving. Ifølgje verksemda Rottefella blei det seld fleire hundretusen par av skia i stordomstida frå midten av 1980-talet til rundt tusenårsskiftet, med første noregscup i 1984 og noregsmeisterskap frå 1994. Rottefella kom med enklare binding på tåa.

Nye skigrep

Dei siste åra har derimot bruken av telemarksski blitt mindre vanleg igjen. Det kjem av ein ny konkurrent på marknaden: randoneeski.

Både telemarksski og randoneeski er lette fjellski. Forskjellen mellom dei kjem først i nedoverkøyringa. Ein kan gå omtrent likt med telemarksski og randoneeski opp ei fjellside, men når ein køyrer nedover på telemarksski er bindingane laga for å feste berre fremre del av foten. Det gjer at hælen kan løftast frå skia.

Når ein skal køyre nedover med randoneeski, festar ein skistøvelen fast i bindinga, som på slalåmski.

– Då randoneebinding kom tok den raskt over marknaden. Det er likevel framleis mykje aktivitet med telemarksskia. Lengre sør i Europa er det fleire festivalar kvar vinter som samlar entusiastar for telemarksski, seier Gjelstad i Norsk Skieventyr.

Han trur nye grep som blir gjort på telemarksskia no, kan føre til at fleire igjen får auga opp for dei norske skia. Blant anna har Rottefella kome med lettare bindingar, med meir mobilitet i gangerørsla. Det skal gjere det enklare å gå i alle terreng, samtidig som det skal gi meir stabilitet ved nedkøyring.

– Det spennande no er at det kjem nye lettare telemarkssko og telemarksbindingar. Det gjer at ein kanskje får ein ny renessanse for telemarksskia, med utstyr som kan konkurrere med randoneeskia.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Telemarkskøyring blir rekna som særleg effektiv svingteknikk i laus snø. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB / NPK
Frå 2000 har randoneeskia teke over marknaden frå telemarksskia. Den franske varianten gjer det mogleg å gå opp fjellet med laus hæl, så feste hælen på toppen og stå ned som på slalåmski. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK