Flagg og fest: Sørstatsflagget var ein gjengangar på campingen til Countryfestivalen i Seljord.

Sørstatsflagg på Countryfestivalen. – Dei hadde blitt banka opp der eg kjem frå

Amerikanar reagerer på bruken av sørstatsflagg på Countryfestivalen i Seljord. – Ikkje rasistisk, meiner festivalgjestene.

Om ein fyrst såg etter sørstatsflagg på Countryfestivalen i Seljord dukka det opp overalt på festivalcampen. Kva meiner ein eigentleg med å bruke dette flagget i staden for eit vanleg norsk eller amerikansk flagg?

Usemje om tydinga

Eit flagg er ifølge ordboka eit stykke stoff som med sine fargar og mønstre symboliserer noko bestemt. Det er likevel stor usemje om kva sørstatsflagget eigentleg symboliserer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flagget er eit av fleire som blei bruka av dei sørlege utbrytarstatane under den Amerikanske borgarkrigen frå 1861 til 1865. Krigen handla kort sagt om rettane til dei enkelte delstatane i unionen, med spørsmålet om slaveri som den grunnleggande årsaka til at vald braut ut.

Det mest bruka sørstatsflagget har raud bakgrunn dekorert med eit blått andreaskors med tretten kvite stjerner. Flagget har mange namn, til dømes konføderasjonens stridsfane (the Confederate battle flag), stridsflagget, krigsflagget, opprørsflagget, rebellflagget (the rebel flag) og dixieflagget.

Etter borgarkrigen blei flagget eit samlingspunkt for krigsveteranar, og eit patriotisk symbol på sørstatane sin historie og kultur.

Delt: Det er mange som pynta campen sin på Countryfestivalen med sørstatsflagget, eller som i detta tilfellet eit flagg delt mellom eit sørstatsflagg og eit amerikansk flagg.

På 1950- og 60-talet blei flagget igjen tatt i bruk, då som ein reaksjon til den amerikanske borgarretts­rørsla som sloss for like rettar for svarte og kvite. Flagget har blitt og blir bruka av «kvit-makt-demonstrantar» og den høgreekstreme og rasistiske organisasjonen Ku Klux Klan.

For mange amerikanarar er flagget blitt eit symbol på slaveri og rasisme, medan andre ser på det som eit symbol på kulturen i sørstatane, samt ei hyllest til dei som fall under borgarkrigen. Ein kan også sjå på flagget som eit symbol på sjølvstende, fridom og opprør mot staten.

I dag er det eit populært flagg blant Trump-supportarar, og blei blant anna veiva under storminga av den amerikanske kongressen i januar 2021.

Bruken av flagget offentleg i USA har blitt mykje diskutert. Det har blitt fjerna fleire stader, ofte i fylgje av bestemte hendingar med vald mot afro-amerikanarar. Markedsgigantar som ebay, Amazon og Walmart har bestemt at dei ville slutte å selje produkt med sørstatsflagget på.

– Identitet og samkjensle

I Noreg blir flagget mykje bruka av amerika-entusiastar og rånarar som eit symbol på opprør, og for å vise kjærleik til tradisjonell amerikansk kultur. Det er ikkje eit ukjent syn på arrangerte treff for amerikansk musikk eller amerikanske bilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire meiner flagget tyder «redneck», eit omgrep som i utgangspunktet var nedsettande om fattige og konservative bønder i USA, men som fleire har valt å ta til seg som noko positivt. Nett som flagget tenkjer nokon på redneck som ein måte å vere stolt av identiteten og kulturen sin, medan andre meiner det er ein kode for rase-intoleranse.

Thomas Tveite frå Arendal sit med ein gjeng på Countryfestivalen i Seljord under eit vaiande sørstatsflagg. Han trur ikkje nokon rundt bordet er rasistar, og meiner flagget handlar om identitet og samkjensle.

– Eg er sjølv homofil og tenkjer at flagget i denne samanhengen står for eit slags fellesskap og ein identitet, seier Tveite. – Eg er klar over historia til flagget, men meiner det tyder noko anna i denne samanhengen.

Av andre VTB snakka med på Countryfestivalen som bruka flagget, svarte fleire at dei rett og slett synest det er eit fint flagg, som står i stil til countrymusikken og den amerikanske stilen.

Ikkje rasistisk: Thomas Tveite frå Arendal trur ingen rundt bordet er rasistar sjølv om dei har sørstatsflagg på taket.

– Rasistisk og krenkande

Elaine Maltezos jobbar i år som lydteknikar på den store scena på Countryfestivalen. Ho er oppvaksen i Chicago i USA, og reagerer på bruken av sørstatsflagget på festivalen.

– Det er veldig rart at dei heng opp konføderasjonsflagget på den måten. Eg veit ikkje kva dei sjølv trur, men for meg er det klart rasistisk og krenkande. Hadde dei flagga slik der eg kjem frå hadde dei blitt banka opp, seier Maltezos.

Ho meiner ein må godta den historiske tydinga av flagget, og samanliknar med at ein ikkje kan gå rundt i Noreg med eit hakekors og kalla det eit uskuldig solkors.

Reagerer: Elaine Maltezos kjem frå Chicago og jobbar som lydteknikar på Countryfestivalen. Ho synest det er moro å sjå den norske country-entusiasmen, men reagerer på bruken av sørstatsflagg blant festivalgjestene.

Elles synest Maltezos det er moro å sjå så stor entusiasme for den amerikanske kulturen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal faktisk ein tur heim til USA no rett etter festivalen, så det er ekstra interessant å oppleve norske amerika-entusiastar fyrst, seier Maltezos som til dagleg bur og jobbar i Bergen.

Ho trivst godt med å arbeide på den store scena der ho har hovudansvar for å halde styr på dei mange leidningane og linene.

Flagg på festivalcampen

Countryfestivalen 2023: Sørstatsflagg på campingen.
Countryfestivalen 2023: Sørstatsflagg på campingen.
Countryfestivalen 2023: Sørstatsflagg på campingen.
Countryfestivalen 2023: Sørstatsflagg på campingen.
Countryfestivalen 2023: Sørstatsflagg på campingen.