Her er dugnadsgjengen i fullt arbeid: Frå venstre: Nanna Torvetjønn, Malla Skinnarland, Martha Myrvang, Gunn Solbu, Susanne Lauvdal, Kari Hallsten og Berit Winther Torvetjønn. I bakgrunnen står Solveig Loftsgarden, Anlaug Øygarden, Eva Versto og Sigrid Nykos på.

Sansehage ved Rauland bygdeheim

Jonsokdagen møtte om lag femten kvende og to karar fram til dugnad i den nye sansehagen på framsida av bygdeheimen i Rauland. Vêret viste seg frå sitt beste, og fleire av bebuarane hadde god underhaldning den tida det stod på.

Eva Versto frå Vinje hagelag var dugnadsgeneral, og ho har verkeleg stått på for å få til denne sansehagen; ein oase der bebuarane kan gå rundt å sjå, lukte og kjenne på både det som veks der. Små utfordringar som trapper eller andre små hindringar i vegen kan òg vera fine å ha på ein slik stad – det gjeld å opne sansar og halde fokus på det som er rett framom deg.

Vaktmeistrane i Rauland, Arne Vaa og Einar Bjålid, var til god hjelp med tunge lyft. Den gamle prammen fekk ein fin plass, og blei fylt med store potter med mange fargesterke blomar, som er gode å få auge på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks store kasser blei plasserte langs gjerdet. Dei blei sett i stand med drenering, ekte lort og god blomsterjord, før dei blei fylte med jordeple, graslauk, jordbær, blomkarse med meir, ja, også ein lavendel. Den gir både god lukt og trekkjer til seg insekter, som ikkje skal bli arbeidsledige her!

Dugnad: Frå v. Sigrid Nykos, Eva Versto og Solveig Loftsgarden.

Eit nedgrodd steinbed fekk ein ny sjanse. Etter grundig luking dukka det opp nokre plantar som fekk bli med vidare, ny jord og møkk gjorde susen, før medbrakte stauder som dei frammøtte damene frå Rauland saniteslag hadde med seg, blei planta nedi.

Bygdekvinnelaget hadde òg vore innom med planter, og Sigrun Nykos kom med flotte jordbærplanter. Det skal bli noko å smake på etter kvart! Buskar av ymse slag blei planta langs stakittgjerdet. Til slutt blei sandkassa reinska for ugras – også her har Eva ein plan: eit vatningsanlegg, drive av solcellepanel. Å lytte til rennande vatn er ei lise for sjela.

Det er også snakk om å få flutt eit lysthus hit. Ein av bebuarane har eit slikt ved det gamle huset sitt, som ho gjerne vil gi til bygdeheimen.

Sansehage: Rauland bygdeheim.

Då skulle dei fleste sansar få høve til god stimulering! Dugnadsgjengen hadde ein triveleg dag i lag, som blei avslutta på den nye kaféen i Rauland sentrum. Flotte damer, som ikkje er redde for å ta i eit tak. Gløymte eg å seie at fleire av dei er «godt vaksne», den eldste var 88 år her om dagen. Så alder er inga hindring – tvert imot.

På andre sida av bygdeheimen er den gamle verandaen sett i stand i låpet av våren. Vinje kommune har investert i nye hagemøblar der, og Rauland sanitetslag har spandert ein stor parasoll på bygdeheimen. Så no ligg alt til rette for ein fin sommar ute for dei som bur på bygdeheimen, og andre som finn vegen dit!

God sommar frå Rauland sanitetslag, ved Jorunn Hestmann.

Nytt liv: Ein gamal pram har fått nytt liv.
Ein fin bukett damer bak steinbedet. Frå v. Gunn Solbu, Martha Myrvang, Berit Winther Torvetjonn, Malla Skinnarland, Eva Versto, Nanna Torvetjønn, Astrid Haustveit Nystog og Kari Hallsten (på huk foran).