Gratis: Kjenner du nokon som vil feire jol her i år? Det spør Olav Kvipt på si Facebookside.

Olav inviterte til gratis jolefeiring på Kvipt. Nå har over tusen familiar tatt kontakt

Olav Kvipt bestemte seg for at han ville låne ut gjestehuset på garden til nokon som har stramt jolebudsjett i år. At responsen skulle bli så stor hadde han ikkje tenkt seg.

– Det har vore ein heftig pågang. Lista er lang som eit vondt år, seier bonden på Kvipt.

Han har ikkje eksakt tal, men meiner det er godt over tusen som nå har meldt seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Namna skriv han opp på lappar og legg i ein bolle. Torsdag skal han trekke ut to som skal få bu gratis på garden i tre døgn og få ribbe av lokal ullgris.

Kvipt i Fyresdal: I fleire år har Olav leigd ut dette huset til ein familie. I år sende dei melding og gav beskjed om at dei ikkje hadde råd. Olav tilbydde dei huset gratis. Det syntest dei var for ille. Då la Olav ut meldinga på Facebook.

Historiene gjer inntrykk

Det har gjort inntrykk på Olav at det er så mange som tek kontakt. Han trur situasjonen i år er ekstraordinær. Nokon tek kontakt sjølv. Andre gjennom kontaktpersonar. Og dei har ulike grunnar til å ynskje seg eit opphald på Kvipt i jola.

Olav fortel om folk som har måtta selje hus og heim. Folk som bur trongt. Folk som ikkje har råd til straum, og ikkje har vedfyring. Det er folk frå heile Sør-Noreg og flyktningar frå Ukraina. Men dei fleste er frå Grenland eller Agder. Og det er også nokon frå Vest-Telemark.

Fint å kunne gje

– Mange av oss har jo mykje i dag, seier Olav.

Han meiner det er fint å kunne gje til nokon som ikkje har så mykje.

Han har også blitt kontakta av mange andre som ynskjer å gje, både mat og jolegåver. Hytteeigarar frå Rauland, Øyfjell og Hovden har tatt kontakt og sagt at dei vil låne bort hyttene sine.

– Og i dag var det nokon som ville ta med gjestene på tur med hest og slede, fortel han.

Godt med plass: Gjestehuset har sengeplass til ni.

Gamal tradisjon

Å invitere til jolefeiring på Kvipt er ein gamal tradisjon. På slutten av 1800-talet inviterte forfedrane til Olav folk til gards i jolehøgtida. Den gong var det mange som ikkje hadde så mykje. Kvipt var ein stor gard.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei fór rundt med hest og slede og inviterte folk heim til jolefeiring på Kvipt, fortel Olav.

Resten av året var det einsamt på Kvipt. I jola var det feiring i tre dagar til ende, med fenalår, spekemat, rjome, kling og moltekrem. Og på joleftan åt dei saueribbe.

Olav på Kvipt: Responsen har vore overveldande, seier Olav. Bildet er tatt i ein annan samanheng.

Ribbe av sau et dei ikkje lenger. Nå er det ribbe frå ullgris som gjeld. Olav har kjøpt ei frå Lassemo i Birtedalen. Den var så stor at han deler den med dei som skal låne gjestehuset. Sjølv skal han feire jol på Kvipt saman med familien.

Utsikt: To familiar kan vakne til denne utsikta. Den eine frå 23.–26. desember. Den andre frå 27.–30. desember.