Vellukka dag: Misha var var litt nervøs før innspelinga av Vest-Telemark Leikane. Heldigvis gjekk dagen over all forventning.

Misha (25) frå London har vore sentral i lokalavisas TV-satsing i sommar

Det ambisiøse prosjektet VTB-TV hadde ikkje vore det same utan britiske Misha Mikucki bak kamera og i produksjonen.

Misha fortel at sommaren med VTB blei uventa, men veldig positiv. No er ho tilbake i England for å ta fatt på noko ganske anna.

Lært mykje

Misha har lært mykje om Vest-Telemark, i tillegg til å utfordre seg som produksjonsansvarleg på VTB-TV. Ho fortel at det meste av erfaringa hennar kjem frå godt planlagde intervju og dokumentarar, og at det å arbeide med nyhende som skal fangast der og då er ganske annleis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle sendingane frå VTB-TV finn du her.

Det har til tider vore utfordringar med kamera og dekning under direktesendingar, noko Misha meiner gav lærdom framfor stress og frustrasjon.

– Det har liksom ikkje vore katastrofe når noko går gale. Eg har fått øve på å ta ting litt på sparket og justere undervegs, seier ho.

Fleire av sendingane har vore i redigert opptak.

Nokre dagar har vore veldig lange. For eksempel ein fisketur i kveldinga i over fire timar utan eit einaste napp.

– Eg var kald og lei. Nå er eg ikkje så begeistra for fisking for å vera ærleg, ler ho.

Les også
Jakta på storauren

Tre kamera

Jobb og hobby: Misha er glad for å jobbe med det ho likar aller best. Redigering er mykje jobb, men morosamt om du likar og veit kva du gjer.

Torsdag er det premiere på Vest-Telemark-leikane på VTB-TV. Misha fortel at ho var nervøs før innspelinga av programmet som er det største prosjektet på VTB-TV i år.

– Eg er van med å vere den einaste med kamera på ein scene, men å vera den einaste og styre tre kamera var nytt, seier ho, og legg til at det har vore mykje arbeid i ettertid med å gjera klar dei seks episodane som ho og kollega og kjærast Aslak Ringhus har hatt hovudansvaret for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forelska seg i vesttele

Aslak Ringhus frå Vinje flytta til London etter studiar i Glasgow. Her møtte han Misha og dei har sidan vore eit par. Då koropandemien kom og Aslak skulle heim til Vinje var det usikkert kor lang tid det ville ta før dei fekk sjå kvarandre att.

Aslak skulle ha sommarjobb i Vest-Telemark Blad, slik han har hatt fleire somrar, men denne gongen jobbe med eit nytt prosjekt. VTB-TV var enno i idefasen då Misha fekk spørsmål om å bli med i prosjektet som kamera-ansvarleg.

– Det er jo du som kan detta, sa Aslak til meg. Eg hadde ikkje jobb og eg ville vere med han så mykje som mogeleg, så takka naturlegvis ja, seier Misha.

– Viss nokon hadde sagt til meg at det var dette eg skulle bruke sommaren 2020 på, hadde eg aldri trudd dei, seier ho.

Trivst

Misha er takksam for å ha kunne budd i Vest-Telemark under pandemien. I London er det mange folk, og det var stengt mykje lenger. Her er det lett å halde avstand.

– Eg føretrekker ein komfortabel bil langs humpete vegar framfor den varme og tette T-banen i London, i alle fall i desse dagar, seier Misha.

Nye prosjekt: I sommar har Misha filma stor og smått i Vest-Telemark. I oktober går vegen vidare til eit TV-prosjekt i Karibien.

Reality-TV i Karibia

TV-prosjektet Misha skulle ha byrja på i april blei lagt på is grunna korona. No er det i gang att, og etter planlegging i London skal ho reise til Karibia og filme i oktober.

– Eg veit framleis veldig lite om prosjektet, men det er eit reality-show om folk på ferie, seier Misha.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fekk oppdraget gjennom nokre vener i bransjen og gler seg til å finne ut meir når ho reiser tilbake til London.

Tidlegare har ho tatt ein bachelor i media frå universitetet. Her lærte ho blant anna video, foto, animasjon og grafisk design.

– Eg var mykje meir klar for å flytte heimanfrå for å studere, enn eg var for å reise utanlands, seier ho.

Mellom andre og tredje år av graden fekk ho tilbodet om stipend for eitt studieår i Australia. Det takka ho ja til.

– Det var spennande. Eg studerte kunst, historie og humanitære fag. Det var eit fint år der eg klarte å senke skuldrene litt, noko som også førte til betre karakterar, seier Misha.

Bra timing

I lokalavisa er dei storfornøgde med det britiske innslaget i bladstova i sommar.

– Det byrja som ein litt vill tanke – å tilsette ein engelskspråkleg medarbeidar i ei lokalavis som kjem ut på nynorsk. Men når me ser tilbake på sommaren, er nok det noko av det luraste me har gjort, seier redaktør Øystein Øygarden.

– Me hadde aldri kunne ha laga så solide sendingar på VTB-TV utan Misha, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB har, saman med avisene Dølen og Firdaposten, fått innovasjonsstøtte frå Medietilsynet til å prøve ut konseptet med levande bilde. Målet er å finne ut kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Gjennom sommaren har ulike hendingar blitt sendt direkte, andre har blitt lagt ut i redigerte versjonar. VTB-TV vil halde fram utover hausten, men då utan den blide 25-åringen frå England.

– Timingen på å tilsette Misha i sommar kunne ikkje vore betre. Det blir spennande å sjå om me klarer å vidareføre det me har lært av henne i sommar, seier Øygarden.