Kontorplassen: I eine enden av stova står pc og papir klare, for Signe Marie har framleis ulike kulturoppdrag både som frivillig og i regi av kommunen.

Kulturprisvinnaren har fleire gonger blitt tatt for å vere amerikansk urinnvånar, men ikkje vinbyggje. – Det kunne eg ikkje ljuge på meg.

Ho prøvde rett nok å svare «Vinje» ein gong i Atrå, då ho vart spurt kvar ho var frå. – Men då sa dei «nei, dei rør ikkje så fort der,» ler Signe Marie Kittelsaa (69). – Så det kunne eg ikkje ljuge på meg.

Ho er oppvaksen i Bøgrend, har heitt Vesaas til etternamn og vore kultursjef i Vinje i femten år.

– Men du blir aldri vinbyggje viss du ikkje har fem generasjonar bak deg, seier Signe Marie. Ho sit i godstolen i stova si, med utsikt over Åmot sentrum. Sambuaren hennar, den finske lapphunden Tanssi, kjem byksande, legg framlabbane i fanget hennar, og får litt kløing under haka i retur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blank i augo: Signe Marie kosar med bikkja si, Tanssi. Så må ho gå og ta seg ein allergitablett.

– Men no må eg ta medisin, kjenner eg, seier ho med blanke auge, og skuvar Tanssi ned for å gå og hente seg ein tablett.

– Eg er allergisk mot hund, skjønar du. Men det er fleire fordelar enn ulemper for helsa likevel, for med bikkje er eg ute og går kvar dag.

Signe Marie gjekk over til berre jentenamnet som etternamn då ho flytte for seg sjølv for kring 20 år sidan, og det innrømmer ho at var litt godt.

– Vesaas var eit slitsamt namn å dra på. Folk tok kontakt for at eg heitte Vesaas, og ikkje for den eg var.

– Du er ikkje ferdig før jobben er gjort

Familien til Signe Marie dreiv butikk i Vrådal fram til ho var fire og eit halvt. Så flytte familien til Bøgrend for å drive Nistøg-bui.

– Eg hjelpte til der frå eg kunne telje, og då eg blei gamal nok stod eg i bui kvar laurdag, jol, påske og heile somrane.

Det har nok gjort noko med arbeidsmoralen å vekse opp med å drive butikk, trur Signe Marie.

– Du er ikkje ferdig før jobben er gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nistøg-bui: I fyrste høgdi var det forretning og post; i andre budde familien til Signe Marie og ein familie til.

Dermed har ho aldri talt timar, og heller aldri fått overtidsbetalt. Når ein i tillegg er av typen som likar å halde i trådane og gjere det meste sjølv, så blir det mange ubetalte overtidstimar.

– Eg bruker å seie at eg har to syndrom. Det eine er Sjøgrens syndrom, og det andre er at det må skje noko.

Som kultursjef kunne ho ta avgjersler som fekk fortgang i ting, og det passa henne godt. I lag- og foreiningsarbeid er det litt annleis.

– Demokrati går så seint, og eg stressar når det er ting eg ikkje bestemmer over sjølv. Eg vil så gjerne at ting skal skje at eg ikkje alltid heilt heng med på at eg er del av eit lag. Og eg er nok ikkje så flink til å informere og få folk til å skjøne kva eg eigentleg meiner. For meg er det jo så klart.

«Kvifor har du ikkje søkt?»

Etter folkehøgskule og kulturstudiar, jobba Signe Marie som lærarvikar og etter kvart vart ho både ungdoms- og fritidsleiar i Vinje og rektor i kulturskulen. Ho var til tider heimeverande husmor med småungar, men lite heime og lite husmor. Ungane drog ho med på møte og tilskipingar. Men sjefsjobben i kulturetaten, den søkte ho ikkje på.

– Eg hadde ikkje lyst til å vera sjef.

Kommunen lyste ut, hadde jobbintervju med søkjarane, og lyste ut på nytt. Framleis søkte ho ikkje på jobben.

– Men då fekk eg kjeft av ein politikar. «Kvifor har du ikkje søkt? No får du sjå til å søkje!» sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så ho søkte og fekk jobben, men meiner framleis at ho slett ikkje passa til den.

– Eg får ting gjort, men eg er ingen strateg, og økonomien, den styrte eg med magen, fortel ho.

Likevel gjekk etaten ofte i pluss, og så og seie aldri i minus.

– Eg har vekse opp med tal og veit forskjell på pluss og minus, seier ho likefram.

– Viss du hadde tatt ut løn for overtid, så hadde kanskje fleire år fått raude tall?

– Jaja. Men eg hadde ikkje overtid.

Signe Marie meiner dessutan at ein god sjef skal vere tydeleg og setje mål, og ikkje dille og dikke.

– Men eg klarte ikkje det sjølv, erkjenner ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde ikkje kapasiteten, og orka ikkje ta kampane.

Om ho hadde litt blanda kjensler for sjølve stillinga, fekk Signe Marie uansett utretta mykje medan ho var kultursjef. Ho var med å jobbe fram Vinjesenteret, frå prosessen starta i 2011 og til det vart opna i 2021. Ho var også sekretær for Litteraturdagane frå 2007 og fram til Vinjesenteret tok over, og heldt i trådane på fleire store jubileumsarrangement, som 100-årsjubileet for Tarjei Vesaas i 1997 og Halldis Moren Vesaas i 2007, og 200-årsjubileet for A.O.Vinje i 2018.

Vinjesenteret: Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) hadde fast stilling i Drammens Tidende, men sa opp for å driva si eiga avis, Dølen. Det var neppe karrierejaget som dreiv han til det. I 2021 fekk han eit senter oppkalla etter seg, og dette var Signe Marie Kittelsaa ein av drivkreftene bak.

Ho er pensjonist no, men har framleis nokre jobbar for kommunen, som den kulturelle spaserstokken og eit og anna oppdrag.

– Kristian (Rantala, noverande kultursjef, journ.anm.) har meg på lista si, og tek kontakt når han treng hjelp. Så no skal eg setje opp Ingvald Godal-utstilling. Opningsarrangementet er greitt, men å setje opp bilete og tekstar, det er litt stress. For eg er jo ikkje den som måler opp og gjer ting slik heilt på prikken, sukkar ho.

Meir formelle utmerkingar og prisar er Signe Marie ikkje oppteken av, men det varma likevel, det ho fekk då ho slutta i kommunen.

– Eg veit eg har den her ein stad, seier ho, og begynner å leite i skuffar og skåp, utan hell.

– Huff, dette var jo litt pinleg, utbryt ho når ho må gje opp leitinga.

– Men eg fekk i alle fall diplom og pins frå Det Kongelige Selskap for Norges Vel for lang og tru teneste. Det hadde rådmannen og ordføraren ordna, og det sette eg veldig stor pris på. Vinje kommune var ein arbeidsplass eg var glad i. Eg grudde meg sjeldan for å gå på jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange kulturhattar

Samstundes som ho var kultursjef, heldt Signe Marie fram med å engasjere seg frivillig i kulturlivet. I heile femti år har ho vore aktiv i folkeakademiet både lokalt i Vinje, og på fylkes- og landsnivå. Dei er med på å stelle til kring 100 store og små arrangement årleg i Vinje, og Signe Marie har vore involvert i mykje av aktiviteten, også medan ho var kultursjef.

– Eg hadde kurs og var på tilskipingar over alt i bygdene rundt her, og det var ingen som visste kva for hatt eg hadde på meg. Så det kunne nok vere litt frustrerande for dei rundt meg. Men ofte når folk såg meg ute på kveldstid, så var eg der ikkje på betalt arbeid, men som frivillig, forklarar ho.

Langvarig engasjement: I 1984 var Signe Marie med og arrangere 30-årsjubileum for Vinje folkeakademi. «Mange folkeakademi har grunnstøytt på møte med berre tre–fire tilhøyrarar. Men Vinje Folkeakademi leita seg fram til nye vegar, og snudde motgang til medgang,» stod det i VTB-artikkelen den gongen. På dette tidspunktet hadde Signe Marie allereie vore aktiv i folkeakademiet i kring 10 år – og det har ho halde fram med sidan. Foto: VTB-arkivet
Folkeakademiet

Folkeakademiet i Vinje vart oppretta i 1954

Organisasjonen driv folkeopplysning med kunnskap og kultur som verkemiddel

Folkeakademiet er religiøst og politisk uavhengig.

Dei jobbar for å fremje demokratiske verdiar og prinsipp, klima, mangfald, inkludering og gode møtestadar

Har ofte samarbeid med ulike lag og interessegrupper, til dømes Mållaget, Sanitetslaget, Vaksenopplæringa, Vinjesenteret og biblioteket.

Kjelde: Signe Marie Kittelsaa

Det har vore snoformingsfestivalar og levande bok, strikketreff og yoga, foredrag, dansekveldar og nynorsk høgtlesing i barnehagane, og quizar, joletrefestar og uendeleg mange konsertar og kurs.

– Eg har lært opp ein heil haug av ungdom og vaksne i å danse swing, seier Signe Marie.

Levande bok: Mange av dei som fortel historier frå livet sitt i «Levande bok», har førebudd seg på presentasjonen på vaksenopplæringa. – Dei er ofte nervøse før dei skal fortelje – mest på grunn av språket. Men etterpå er dei med god grunn stolte og glade. Tilbakemeldinga me får er at dei synest «Levande bok» er viktig, sa Signe Marie Kittelsaa til VTB i ein artikkel frå 2020. Også desse arrangementa er det Vinje folkeakademi som står for, og høyrer dermed til blant dei mange frivillige arbeidsoppgåvene som Signe Marie engasjerer seg i.
Snoformingsfestival: Mange flotte snoskulpturar har blitt til i Åmot sentrum opp gjennom åra, og Signe Marie har vore ein primus motor for festivalen. – Det var også eit fritidsoppdrag.

Men det store engasjementet hennar har ikkje berre falle i god jord.

– Nokre synest at eg stikk meg for mykje fram, at eg gjer for mykje og er for aktiv, slik at det ikkje blir plass til fleire.

– Kva får deg til å tru det?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har fått høyrt det, svarar Signe Marie.

Men ho har også fått mykje positive attendemeldingar, og den beste anerkjenning ho kan få er at folk møter opp og er fornøgde.

– Det har jo vore tilbod som ikkje har blitt brukt, og det er tungt. Men så er det kjempemoro når folk strøymer på. Då er det ikkje tungt i det heile.

Det kan også vere veldig moro om det berre kjem nokre få.

– På dansetreff her om dagen kom det berre fem, men det var ein skikkeleg flink kardansar der, som kunne gje meg utfordring. Dét var moro, det!

– Men rekk du å reise på noko som andre steller til, eigentleg?

– Alt for lite. Det kolliderer jo ofte med ting eg arrangerer sjølv.

– Alle visste det viss me krangla eller banna

Stova me sit i har full takhøgde, og god plass til både sofagruppe og langbord.

– Det er heilt enormt med plass her, meiner Signe Marie. Ho var vant til heilt andre tilhøve i oppveksten. I Nistøg-bui var dei to familiar som budde i andre etasje, ein i kvar ende, og i fyrste etasje var det forretning og posthus.

God plass: Dette huset deler ho berre med Tanssi. Då ho vaks opp var det langt trongare. – Eg søv med mormor kvar vinter fram til ungdomskulen, fortel Signe Marie.

– Og om vintrane kom mommo frå Vrådal og budde hos oss, så då var me fem i vår ende. Eg søv med henne heilt til eg gjekk på ungdomsskulen, fortel Signe Marie.

– Og me hadde ofte folk på besøk og overnatting i tillegg. Det var trongt, men fy søren kva som går an.

Eit tydeleg barndomsminne er moras heimebakte brød.

– Ho bakte dei og gav dei bort til dei som trong. Det har eg med meg, at eg elskar å gje bort ting. Det er det moroaste eg veit, spesielt viss eg veit at det er noko som nokon vil ha.

Når ein voks opp på den lokale bui, vart det ikkje så mykje privatliv.

– Alle visste det viss me krangla eller banna, fortel Signe Marie.

– Folk sat jo nede og venta på posten, og der kom plutseleg eg flygande. Og viss eg ikkje hadde fletta håret, så treiv dei tak i meg og fletta det.

Men fletting av håret hennar, det var ikkje for kven som helst.

– Eg reiv det gjerne ut att, for eg skulle ha flettene på min spesielle måte.

Nettopp flettene til Signe Marie har vore ein slags signatur i mange år, og det heng ei fram over kvar skulder no også.

– «Huff, desse flettene dine,» seier folk, men eg trur nok dei er litt misunnelege, seier ho med eit lurt smil. Ein ting er i alle fall sikkert – Signe Marie har ikkje støtta særleg opp om frisørnæringa.

– Eg trur eg kan telje på ei hand kor mange gonger eg har klipt meg hos frisør, ler ho.

– Men eg har av og til hatt andre sveisar enn langt hår og fletter, mellom anna hadde eg skulderlangt hår med permanent. Eg hugsar godt kommentaren frå ein gutunge frå den tida, det var då eg var ein del lærarvikar. «Mamma, var det Ronja Røvardotter?» sa han.

Urinnvånaren

Men som regel er det helst ulike urfolk Signe Marie vert assosiert med.

– Eg hugsar då eg var lagleiar for fotballaget og var med til Nissedal på kamp. Då sykla ei av dei lokale jentene heim til mor si så fort ho kunne og sa: «Dei har kome, og dei har ein indianar med seg!»

Det var også ein amerikansk urinnvånar i Sirkus Sibylla som lurte på kvar ho var frå.

– «Vinje,» sa eg. «Men kvar er du eigentleg frå? Kva for stamme tilhøyrer du?» spurde han.

Urinnvånaren: Med solbrun hud og mørke fletter har Signe Marie opplevd å bli tatt for å vere ulike typar urfolk. Her er ho saman med sin fyrste hund, Pirka.

Blant sigøynarar og kvenar har også Signe Marie opplevd å bli tatt for å vere ein av flokken.

– Akkurat som eg er litt urinnvånar. Kanskje det er derfor eg har fått så god kontakt med mange innvandrar, reflekterer ho.

Tre barn har Signe Marie sett til verda, og i kjellarleilegheita hennar bur ei som har blitt som eit barn nummer fire.

– Shara kom til Vinje som flyktning frå Somalia, og har budd hos meg i 15 år. Ho kallar meg mamma, og gutungen kallar meg mommo.

Signe Marie har også vore aktiv i Kjeringråd, der innvandrar-kjeringar og norske har møttest for å lage mat, danse og snakke om ungar og dameting.

Døtrer: Sigrid er ei av dei biologiske døtrene hennar, men Shara kjennest også som ei dotter, fortel Signe Marie. Her held dei kvarandres barn – og Signe Marie tenker på begge som sine barnebarn.

Jolebukk med sæbyggjemål

Signe Marie organiserer mykje for andre, men er også ein tusenkunstnar sjølv. I stova si har ho fleire permar med sjølvskrivne dikt, og det er ikkje få som har ein stakk av hennar design.

Ho redesignar også mykje, innimellom med rikeleg bruk av applikasjonar og lappeteknikk, og har kledd opp både barn og barnebarn i resultatet.

– Øystein, sonen min, såg ut som ein sirkusdirektør, bruka mor mi å seie. Og nå er det Kari på to år som får gå rundt i mykje rart.

Dessutan har ho spela i film; til dømes sat ho på posten i Flatdal og vart rana i «Halvvegs til Haugesund». og var mor i novellefilmen «21 år».

Ho har også gått på folkehøgskule, nærare bestemt Manger fylkesskule.

– Rettleiaren på vidaregåande sa det var så vanskeleg å koma inn på Manger at det ikkje var vits i å søke. Så då måtte eg jo gjere det.

Inn kom ho, og det vart eit år med måling, modellering og trearbeid.

– Eg har vel nokre ting eg laga det året, men eg enda nok med å stå mykje modell, ler Signe Marie.

Signe i stein: Denne figuren førestiller Signe Marie i ein av stakkane ho har laga. – Men eg har ikkje laga skulpturen sjølv, altså.

Men teater og rollespel, det har ho i blodet, og det har blitt mykje revy og teater på Vinjar opp gjennom åra, og mange turar som jolebukk.

– Ungar no trur at jolebukk er litt kostyme og synge ein song, og så får dei godteri. Men det er feil, meiner Signe Marie.

– Jolebukken må koma frå ein stad og ha ei historie å fortelje.

Sjølv rør ho for det meste sæbyggje når ho går jolebukk, og synest det er veldig moro når folk ikkje skjønar kven ho er. Ein gong vart ho køyrt til Smørklepp av foreldra for å gå jolebukk litt lenger heimanfrå, men då vart moroa spolert av at ho har så godt bikkjetekke.

– Dei skjøna at det var meg med ein gong fordi bikkja kom og ville ha kos. Og det var ikkje mange den ville koma til, ler Signe Marie.

Men det er likevel ein lidenskap som trumfar både dikt, sauming, teater og jolebukk.

Og det er dansen.

– Eg kunne danse med eit kosteskaft eller ein stol

Bror til Signe Marie er fem år eldre enn henne, og ho såg mora lære han dans.

– Då ville eg også. Eg hugsar korleis eg stod på føtene hennar for å lære stega.

Sidan har ho gått gradene og lært seg mange typar dans; gangar og springar, gamaldans og sving.

– Eg gjekk med Agnes Buen Garnås på distriktshøgskulen i Bø, og har vore mykje i folkemusikkmiljøet saman med henne, fortel Signe Marie. Saman med Agnes opplevde ho eit ope folkemusikkmiljø der ein kunne lære av kvarandre på tvers av geografiske skiljeliner.

– Eg lærte Valdres-springar av Ingar Ranheim, og pols av ein trønder, minnest ho med eit smil.

Men sjølv om ho har dansa mest heile livet, har ho aldri deltatt på kappleik.

– Eg dansar berre nede på tili, seier Signe Marie.

Men på tili slo ho seg til gjengjeld laus omtrent kvar einaste helg heilt frå ho vart konfirmert. Det var alltid fest ein stad – på Dyrsku’n, Dalen, Edland eller Rauland. Men fyll, det var det ikkje for hennar del.

– Eg var avhaldskvinne heilt til eg var over 30, og eg var ein trugen sjåfør. Så slik sett vart eg populær, ler Signe Marie.

Ho køyrde, drakk vatn, dansa og køyrde heim att.

– På vidaregåande sa dei at eg var fødd med alkohol i blodet. Eg dansa alltid med alle som baud opp, for mor mi lærte meg at ein aldri skal seie nei når nokon spør om ein dans. Og eg kunne danse åleine eller med eit kosteskaft eller ein stol viss det ikkje var nokon å danse med, fortel Signe Marie.

Ein slik sjølvtillit manglar mange.

Kom og dans: Signe Marie er ikkje blyg når det kjem til dansing, og på kulturprisfesten håpar ho mange vil koma og svinge seg. Ho har likevel ikkje eit einaste bilete av seg sjølv som dansar (i alle fall ikkje som VTB får sjå). Men bilete med bikkje, det har ho mange av. På dette er Pirka 16 år gamal. Foto: privat

– Ein ser jamleg at folk må vere dritfulle før dei tør å by opp til dans, seier ho hovudristande. Sjølv trur ho tryggleiken hennar kjem av at ho har teater i ryggmargen, men også at ho har dansa sidan ho var bittelita. Ho har løysinga klar for at fleire skal tørre å slå seg laus på dansegolvet utan å vere fulle:

– Me burde ha pardansopplæring heilt frå barnehagen.

Til helga tek ho imot Vinje kommune sin kulturpris, og i ekte Signe Marie-ånd vert det sjølvsagt stelt til dans på utdelingsfesten.

– Eit samkome utan dans er eit mislykka samkome, smiler prismottakaren, og legg til:

– Eg håpar at alle som har lyst må koma på kulturprisfesten på laurdag.

Byter rolle: Kultursjef Signe Marie Kittelsaa har sjølv delt ut kulturprisar til andre, som denne til Tor og Gunvor Strømme i 2008. No er det ho sjølv som får Vinje kommune sin kulturpris.