Ved Hægefjell: Ola Onsøyen og Ole Jønsrud. Det populære klatrefjellet i bakgrunnen.

Klatrecampen ved Hægefjell: – Me set pris på at det er eit toalett og ein parkeringsplass. Me treng ikkje så mykje meir

Fjellklatrarar frå heile Europa kjem til Hægefjell for å klatre. Me tok ein tur innom klatrecampen på Fjone.

Ved Landtakdammen på Fjone sit to kameratar og kokar kaffi.

Begge har vore her før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og det blir nok ikkje siste gongen heller, seier Ola Onsøyen.

Han er på tur saman med barndomskameraten Ole Jønsrud.

Dei bur i telt ved klatrefjellet, og byr bladfyken på kaffi.

Klatring: Ola Onsøyen og Ole Jønsrud kokar kaffi ved Hægefjell.

Er ikkje kravstore

– Me er ikkje så kravstore. Me set pris på at det er eit toalett og ein parkeringsplass. Me treng ikkje så mykje meir. Og me set pris på at lokalbefolkninga let oss klatre her. Det er ikkje alle stader ein føler seg like velkomne, fortel dei to gutane.

Utedo: Fleire gjev uttrykk for å vere fornøgde med denne utedoen.

Dei meiner Hægefjell er det beste klatreområdet på Austlandet for lange ruter. Det er det som lokkar dei. Andre stader kan ein klatre i kortare vegger, men her kan ein bruke heile dagen på ei rute.

Det er fleire som ligg i telt ved foten av fjellet, og fellesskapet på området er bra, fortel dei.

– Klatremiljøet er ikkje så stort, så ein har ofte felles kjente. Og når ein har ein felles lidenskap er det lett å sette seg ned og prate, seier Onsøyen.

Tau og karabinkrokar: Det er mykje utstyr å halde styr på.

Møter folk frå heile Europa

Anja Marie Henriksen er frå Kautokeino, men bur nå i Narvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me flaug til Oslo og har køyrt bil derfrå, fortel ho.

Det er fyrste gong ho klatrar i Hægefjell.

Planlegg ruta: Mads Gløtta frå Narvik, Anja Marie Henriksen frå Kautokeino og Trym Bjønnes frå Sauda

Dei har vore tre dagar ved klatrefjellet og har møtt folk frå mange land.

– Italia, Austerrike, Irland, Slovenia, Nederland, Ukraina, Danmark og Sverige, ramsar ho opp.

– Italienarane reiste da. Dei orka ikkje meir av knotten. Dei fekk myggolje av oss. Og så fekk me sjokolade tilbake, ler ho.

Sjølv måtte dei ta ein tur til den lokale sportsbutikken i Treungen for å kjøpe mygghatt og myggolje. Dei har også med ein myggjagar. Og den er effektiv, fortel dei.

Knotten kan vere plagsam når det er vindstille.

Prøver å skremme bort knotten: Anja Marie Henriksen frå Kautokeino har med seg mygghatt, myggolje og myggjagar.

Godt tilrettelagt

Henriksen er fornøgd med tilrettelegginga ved Hægefjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig fint. Og me er glad for at grunneigarane held vegen open slik at me kan køyre heilt inn her, seier ho.

Trym Bjønnes kjem frå Sauda og har vore på Hægefjell fleire gonger før.

– Det er eit fint fjell. Her er fin natur, seier han.

Dei set pris på at dei både kan klatre opp og rappellere ned igjen.

– Boltane er nye og solide, seier Henriksen.

Dei meiner det er viktig at klatreboltane blir vedlikehalde.

– Det blir jo mykje bruka. Om det ikkje er skikkeleg så kan ein jo ramle ned, seier Bjønnes.

Klatra i Kviteseid

Matilde Underdal Hermansen kjem frå Edland, og har tatt med seg tre vener. Dei har med seg buldrematte og skal buldre på dei store steinane som er i området. Dei vil også gå ein topptur til Hægefjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved Landtakdammen: Matilde Underdal Hermansen, Sander Drange og Rebekka Solheim kjem rett frå Kviteseid, der dei klatra dagen før.

Dei prøver seg på fleire fjell i Vest-Telemark.

– Me klatra Sundenuten i Kviteseid i går, fortel Matilde.

Topptur og buldring: Sander Drange, Matilde Underdal Hermansen, Rebekka Solheim og Sondre Gardsteig er klare for Hægefjell.