Spente: Ine Nordvik Frostbakken (t.v.) og Karen-Sofie Waage Haugen synest det er spennande å følgje det amerikanske valet.

Ine og Karen-Sofie hadde valvake saman med klassa si. – Det er spennande å følgje det amerikanske valet, men eg er glad det ikkje er slik i Noreg

Tiande klasse på Åmot skule har jobba mykje med amerikansk politikk og samfunn i haust. Natt til 4. november runda dei av arbeidet med valvake på skulen, hamburgar til middag og amerikanske pannekaker til frukost.

– Dette er veldig bra. Det er sosialt og så er eg veldig interessert i valet også, så eg hadde nok kanskje snike meg til å vere oppe uansett, røper Ine Nordvik Frostbakken.

Ho går i 10. klasse på Åmot skule, og saman med klassekameratane sine har ein del av skulekvardagen i haust handla om kva som skjer i USA.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har nok bruka litt meir tid på det amerikanske valet og politikken enn vanleg. Elevane har vist ein veldig interesse, fortel engelsklærar Halvor Otterholt.

Heidi Tvitekkja er kontaktlærar for klassa og fortel at dei har jobba tverrfagleg med temaet, og vore innom det både i norsk og samfunnsfag. Antisemittisme, black lives matter-rørsla og kvinnesyn har vore aktuelle tema. Det var elevane sjølve som tok initiativ til å ha valvake på skulen, og lærarane synest det er positivt med engasjementet.

Følgjer med på TikTok

Det er amerikansk kveld på Åmot skule, og på kjøkkenet arbeider flittige elevar med å lage ein typisk amerikansk middag, nemleg hamburgar og friterte laukringar.

Kaisa Vale og Ingrid Nordstoga synest det er interessant å følgje med på amerikanske valet.

– Eg synest det er veldig spennande. Eg har sterke meiningar sjølv, og synest politikk er spennande, fortel Kaisa.

– Den norske politikken er litt kjedeleg samanlikna med den amerikanske. Der er det berre to parti og det er eit veldig stort land så det er spennande å følgje med på, legg ho til.

Kaisa og Ingrid fortel at dei følgjer med både via sosiale medium, men også tradisjonelle, norske media. På TikTok kan dei følgje amerikanske ungdom og sjå kva dei legg ut.

– Då merkar me kor splitta det er, og ser at det er veldig mykje hat mot dei som er for Trump, seier Kaisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpar på Biden: Kaisa Vale (t.v.) og Ingrid Nordstoga lagar hamburgarar og laukringar til klassa. Dei håpar på Biden, men er spente på resultatet.

Ingrid seier at ho opplever at det er Trump-tilhengarane som får mest hat, men at det kan vere tilfeldig at det er det ho ser. Dei trur det er demokraten Joe Biden som vinn til slutt, men at det blir jamt.

– Eg håpar på Biden, men eg er spent, seier Kaisa.

– Eg er litt redd for kva det kan å ha seie for klimasaka om Trump vinn. USA er eit så sterkt og mektig land, og er redd framstega me har gjort vil vere bortkasta om han vinn, seier Ingrid.

– Eigentleg ikkje morosamt

Engelsklærar Otterholt har studert i USA på 90-talet, og har seinare vore mykje på besøk i landet. Han har framleis kontakt med familien han budde hos, og medan elevane set seg i sofaen i klasserommet som er pynta med vimplar, amerikanske flagg og lyslenker ringer han sine amerikanske venner. Dei er demokratar, bur i delstaten Iowa og er på høgtalar i klasserommet. Både elevar og lærarar kan stille spørsmål.

– What I think of our president? It's not a lot, seier Jennifer Cantine frå USA.

– Me spøkar om det, men det er eigentleg ikkje morosamt, legg ho til.

Ho seier ho håpar Biden vinn, men at ho rett og slett ikkje veit.

– Eg er så misfornøgd med Trump som president. Er det nokon i rommet som meiner han er ein bra president for USA, spør ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevane ler, og ingen seier ja på dette. På ei oppslagstavle heng bilde av begge kandidatane, og nokon har vore kreative med ein tusj og «pynta» litt på den sitjande presidenten.

– Spennande å følgje med på, men eg er glad det ikkje er slik i Noreg

Ine og Karen-Sofien trur ikkje det blir mykje søvn i løpet av natta, og sjølv om det er Ine som er mest interessert av dei to vil begge følgje med. Akkurat som Ingrid trur dei at det er best for klimasaka om det er Biden som vinn valet.

– For klima og miljø trur eg det er best om Biden vinn, og for helsepolitikken i USA, seier Karen-Sofie.

– Både Trump og Biden er eldre menn. Biden nærmar seg åtti, kva syns de om at ein så gamal person kan bli president?

– Det er litt skremmande at han er så gamal, meiner Karen-Sofie.

– Alder speler inga rolle, det er ideologien som tel, seier Ine.

– Korleis har Trump vore som president?

– Det var ikkje så ille før korona, eller det vart endå verre etter korona, seier Ine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og han er veldig dårleg til å ordlegge seg, meiner Karen-Sofie.

– Men mange likar at han er så ærleg, påpeikar Ine.

– Kvifor er de som bur her i Vinje i Noreg interessert i det amerikanske valet?

– Fordi valet kjem til å påverke oss. USA er eit stort land, og det bur så mange folk der. Det kjem til å påverke verdsøkonomien, og dette er eitt av dei viktigaste vala, meiner Ine.

Elevane er glade for at den politiske landskapet er litt annleis her.

– Det er spennande å følgje med på, men eg er glad det ikkje er slik i Noreg, seier Ine.