Hovudansvaret: – Sjølv om heimesjukepleia var her morgon og kveld er det klart at det var eg som hadde hovudansvaret for henne, seier Kjetil N. Lio om tida då kona Ingebjørg låg sjuk.

Hadde besøk av heimesjukepleia morgon og kveld i 5–6 år

No kjem heimesjukepleia i Tokke med varm middag til Kjetil N. Lio (92 år) på Dalen tre gonger i veka. Dei fem-seks siste åra kona levde hadde dei heimebesøk kvar morgon og kveld.

– Etter at kona døydde i februar i fjor har heimesjukepleia halde fram med å koma innom. Tre dagar i veka leverer dei middag til meg. Maten er veldig god, han blir laga på det heilt nye kjøkenet ved Tokke helsesenter, kyter Lio.

Han bur på Dalen, berre ein kilometers veg unna helsesenteret der sjukeheim, legekontor, heimesjukepleie og mange andre helsetenester er samlokaliserte. Dermed har ikkje heimesjukepleia lange reisevegen når dei skal besøke han. Annleis er det om ferda til dømes går til pasientar i Byrte, Lårdal eller på Austheii – då er turen på minst eit par mil kvar veg.

Artikkelen held fram under annonsen.

92-åringen Kjetil Lio fortel om tunge år medan kona, Ingebjørg, var sjuk.

– Ho blei dårleg og var inn og ut av sjukehus. Ho greidde ikkje å gjera noko, og var for det meste liggjande i fem–seks år. Då var heimesjukepleia her morgon og kveld. Dei tok seg den tida dei måtte. Men det er klart det var eg som hadde hovudansvaret for henne, presiserer han.

Les også
For kvar sjukeheimspasient i Vest-Telemark får fire personar heimesjukepleie

Bil og bridge

Mange kjenner Kjetil N. Lio frå dei tiåra han arbeidde ved det som fyrst heitte Jacob Jordkjend AS, men som – etter at Lio saman med to andre kjøpte verksemda i 1990 – blei til Åmot bilservice AS. Då han pensjonerte seg i 1997 hadde han vore der i heile 34 år.

Bridgespelaren: Etter å ha måtta halde opp med hobbyen dei åra han hadde hovudomsorga for den sjuke kona, er Kjetil N. Lio no i gang att med spelinga.

Av arkivet til lokalavisa går det også fram at han har vore ein ivrig bridgespelar.

– Ja, eg byrja i Rauland bridgeklubb medan denne var på topp, og var aktiv i mange år. Men då kona vart sjuk, måtte eg halde opp.

Men no er han i gang att. Her om kvelden deltok han på bridgekveld på Groven camping i Åmot.

– Eg hjelper til med å fylle opp bord, ler 92-åringen.

Døydde på helsesenteret

– Dei fem-seks åra kona var sjuk, måtte eg vera heime og passe på henne. Det var tungt den siste tida, men det blir det vel uansett korleis ein steller seg, seier Kjetil tenksamt.

Artikkelen held fram under annonsen.

God hjelp fekk dei også av kjende folk som dei leigde til reingjering, klesvask og anna praktisk husarbeid.

Eit liv forbi: Faksimile frå Vest-Telemark blad fredag 4. mars 2022.

Den siste veka Ingebjørg levde, var ho innlagt på helsesenteret på Dalen, der ho døydde 27. februar i fjor.

– Ho ville vel eigentleg helst ha vore heime, men ...

Kjetil tenkjer attende på åra då Ingebjørg var sjuk.

– Sjølv om det var tungt i lengda, var det bra for henne å vera heime så lenge, slår han fast.

Middag: – Tre dagar i veka kjem heimesjukepleia og kikkar til meg, pratar litt og leverer middag, fortel ein nøgd 92-åring på Dalen.