Konfirmantar: Andreas Holm (t.v.), Hans Skjæveland, Sara Lindgren og Kristine Kveven Sørensen.

Fritidsaktivitetar og møtestader i Kviteseid

Ungdomane VTB møter i Kviteseid fortel om varierte fritidsaktivitetar. Nå har Kviteseid frivilligsentral fått støtte til fleire tiltak.

I forkant av konfirmasjonsundervisninga får me ein prat med fire av årets konfirmantar i Kviteseid kyrkje. Dei fortel litt om fritidstilboda og møtestadene dei har i kommunen.

Ung i Vest-Telemark

Nasjonale tal viser at unge i dag sit meir heime og i mindre grad deltek i organiserte fritidsaktivitetar. VTB har undersøkt korleis stoda er i Vest-Telemark. Kva tilbod har dei unge her? Kva etterlyser ungdomane sjølve? Og kven er dei vaksne som stiller opp kveld etter kveld?

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotball, gitar, korps og hest.

– Eg spelar fotball på J15-laget til Kviteseid, seier Sara Lindgren (14).

Venninna hennar Kristine Kveven Sørensen (14) har hest, og brukar ein del tid på den. I tillegg brukar dei å vere på Øpen hall annankvar fredag. Det er eit tilbod for ungdom frå 13–20 år i Kviteseidhallen.

Hans Skjæveland (14) er med på speidar og Andreas Holm (14) spelar gitar i kulturskulen. Dei to spelar også i korps. I tillegg brukar dei å vere med på fredagsklubben på misjonshuset, og av og til på Øpen hall.

Likar å treffe andre ungdommar

Det er ikkje kommunal ungdomsklubb i Kviteseid, men jentene fortel at dei av og til tek seg ein tur på ungdomsklubb i dei andre kommunane, slik som Kaktus ungdomsklubb i Seljord. Dei likar å møte andre ungdommar frå Vest-Telemark. I samband med konfirmasjonsundervisninga har dei vore på Kick off med konfirmantar frå andre stader. Seinare blir det også konfirmantleir. Det gler dei seg til. Dei har vore på konsertar og rusfrie festar i andre kommunar, og håpar det vil bli fleire slike arrangement framover.

Møtest på Biblioteket

Etter skuletid har mange av ungdomane i Kviteseid samla seg på biblioteket.

– Særleg nå når det er kaldt ute, er det fint å ha ein plass der ein kan gå inn, seier Sara.

Biblioteket har vore stengt ein periode i haust. Dei er glade for at det nå har opna att. Det har ikkje så mange stader dei kan møtest innandørs.

Førjolsgåve til ungdommen

Frivilligsentralen i Kviteseid har jobba for fleire opne møtestader for ungdom i Kviteseid. Nå har dei fått 266 000 i støtte frå Gjensidigestiftelsen til dette arbeidet. Det gjer at dei kan vidareføre tiltaket Øpen hall og ungdomskafe på Kafé Hvidesøe. Dei vil tilby gratis skibuss til Vrådal panorama, og har også fått støtte til å arrangere konsert for alle ungdommane i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Planen er å ha denne konserten i samband med Victoriafestivalen i juni, seier Cecilie Austjore-Hosum ved frivilligsentralen i Kviteseid.

Ho meiner det er viktig å jobbe med trivselstiltak for ungdom, og har inntrykk av at det er mange vaksne som strekker seg langt for at ungdom skal ha det greitt i Kviteseid.