Testpanelet: Vetle Kvålen, Åmund Øien-Sudbø, Sagal Ahmed Noor, Sigrunn Årlid Aasen, Eira Kaasa Barstad, Oda Rugli, Halvor Eknes Vinje og Tiril Ringhus Bjåen hjalp til med å smake på alle jolebrustypene som var å oppdrive i Øyfjell og Åmot.

Ein supergod jolebrus danka ut alle andre i VTBs blindtest

2018-kullet i Åmot barnehage har henta luver og buffar i garderoben, dei har fått kvart sitt pappkrus, og på bordet står åtte typar jolebrus. Det er klart for blindtest.

– Eg liker ikkje brus, eg, seier Sagal.

– Ikkje eg heller, kjem det frå fleire av 5-åringane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det smakar best når det ikkje boblar.

Dei fleste vil blindteste jolebrus likevel, men Vetle og Halvor melder seg frivillig til å skjenke i koppane. Resten dekkjer til augo, og begynner umiddelbart å spørje:

– Kan me sjå att no?

Vetle skjenkar i den fyrste runden, men nokre har nok litt grovstrikka luve, eventuelt litt tynt buff-stoff.

– Eg veit at dette er den brune, kjem det skråsikkert frå ein smugkikkar.

Elsk eller hat

Den eine brusen etter den andre boblar og fresar ned i koppane, og dei vaksne tørkar kjapt opp det som vert skjenka på bordet. Kvar av testarane har fått utdelt ein terning, og når dei har drukke opp brusen gjev dei eit terningkast. 1 er verst og 6 er best, og det er tydeleg at jolebrus er enten elsk eller hat, for dei aller fleste vurderingane held seg på desse ytterpunkta.

– Den var sur! Men den var god også, seier Åmund. Han har nettopp smakt på jolebrusen frå Lindheim, som inneheld saft frå eple, bringebær og tranebær – og berre er søta med fruktsukkeret.

– Det er den med teikningane på, informerer smugkikkaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tydelegvis ikkje heilt lett å få tetta att utsikten for alle i testpanelet, men ei luve som gjer jobben er Eira si. Problemet er berre alt nissehåret kring kanten; det dinglar ned i bruskoppen. Etter kvart legg ho heile nisseluva bort og blir med i skjenkegjengen, og då tek også Sigrunn ei kort drikkepause for å vere med på å fylle koppane.

Åtte brustypar og mange terningkast seinare er vinnarbrusen kåra av eit einstemmig testpanel:

Solo Super Rød Julebrus er best!

Vinnaren: Solo Super Rød Julebrus fekk 5 x 6 i terningkast!
Frå best til verst: Solo, Oskar Sylte og Ringnes får pallplassane i VTB sin jolebrustest.
Hjelpe til: Fleire av 5-åringane synest det var meir interessant å hjelpe til enn å smake. Her fyller Sigrunn ei Coop-smaksprøve i ein kopp.