I Nepal: Astrid Skogheim Skræi er eit halvt år på utveksling i Nepal.

Ein ny kvardag i Nepal: Å flytte til det ukjende

Eg er student ved Hald internasjonale skule i Mandal, ein annleis skule som tilbyr eit 1-årig internasjonalt utdanningsprogram.

Hald tilbyr studentar frå heile verda å reise til Noreg for 1 år og sender norske studentar til ulike land i Asia, Afrika og Sør-Amerika i 6 månader. Dei siste to månadane har eg og ei anna norsk jente hatt privilegiet av å utforske og oppleve livet i Nepal, ei reise som har vore fylt med unike opplevingar, kulturell innsikt og verdifull læring. Gjennom denne artikkelen ynskjer eg å dele min kvardag her i Nepal og utfordringar eg har kjent på i ein heilt ny kultur. Eg vil og dele mine refleksjonar, spesielt med tanke på takksemd og den kommande jolefeiringa i Noreg.

I Nepal er eg ambassadør for Strømmestiftelsen, ein norsk organisasjon som jobbar for å bekjempe fattigdom gjennom utdanning, jobbskaping og samfunnsbygging. Kvardagen min her består av å bu i ein nepalsk vertsfamilie, leve i den nepalske kulturen og delta på sosiale arrangement i lokalsamfunnet. Eg har praksis hjå organisasjonen ABC Nepal, der eg får moglegheita til å lære om arbeidet deira og delta i deira rettigheitsarbeid og yrkesopplæring. Eit par dagar i veka underviser eg engelsk på lokale skular og fortel elevane om norsk og vestlig kultur. Eg deltar og i Strømmestiftelsen sitt livsmestringsprogram, «sjef i eget liv», kalla Samvad. Det er ei viktig dialog gruppe for unge jenter i det nepalske samfunnet. I Samvad lærer jentene om eigne rettigheitar og diskuterer viktige samfunnsproblem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viss eg skal tenkja tilbake på min kvardag i Noreg før eg byrja på Hald og flytta til Nepal, følast det som ein evigheit sidan. For ei 20 år gamal jente som er født og oppvaksen i Noreg har det vore som å reist inn i ei ny verd. Ny kultur, nytt språk, ny kvardag, nytt verdsbilete.

Nepal har vist seg å vere ei perle av unik, variert kultur med festivalar, dans, mat og gamle tradisjonar. Menneska her, med sine vennlege smil, gjestfridom og opne hjarte har gjort at eg har følt meg velkomen og ivaretatt frå fyrste dag. Å bu i Kathmandu, hjartet av Nepal, var som å trå inn i eit fargerikt lerret, der kvar bygning og smug fortel sin eiga historie. Møtet med ein landsby heilt sør i Nepal var som å trå inn i eit anna univers. Her, omgitt av grøne åkrar og smilande ansikt har eg opplevd ein enkelheit som sjeldan kjem på besøk i vår travle kvardag.

Å bu i den lille avsideliggande landsbygda Gairami har til nå vore ei reise prega av både utfordringar og rike kulturkontrastar i forhold til det trygge og komfortable Noreg. Ein av dei mest åpenbare utfordringane, har vore å tilpassa seg til fasilitetane her og eit liv utanfor den moderne infrastrukturen eg er van med. Det har kravd tolmod og ein ny forståing av enkle, daglegdagse behov. Språket har vore og er ein utfordring. Eg hadde fire veker med språkkurs i nepali, men eg syntes fortsatt det er vanskeleg å forstå og kommunisere med lokalsamfunnet. Det krev stor innsats og tolmod å lære eit nytt språk. Det har også vore vanskeleg å lære seg å forstå ukjende kulturelle kodar og ein ana høflegheitskultur. Dei kjenslene eg har kjent på, er som ei berg- og dalbane av undring og utforsking. Eg har kjent på glede og frustrasjon, på takksemd, urettferd og sakn av det trygge og komfortable. Midt i alt dette har eg blitt kjent med mine eigne styrker og korleis eg kan takle utfordringar, der kvar steg er ein lærdom og kvar utfordring er moglegheit til vekst.

No, med juletida nært foreståande, vender eg tankane mine mot heimlandet, Noreg. Å leva blant menneske som har så lite materialistisk sett, men som deler så rikelig av sitt hjarte og kultur, har vore ein djup og givande oppleving. Det har gitt meg nye perspektiv og utvida horisonten min på kva det eigentleg betyr å leve eit meiningsfullt liv. Difor vil eg spreie ein bodskap om at det er viktig å hugse på kva som eigentleg betyr noko i jola, å setje pris på kvarandre, om å dele varme og glede med dei rundt oss. Eg vil minne andre på å feira med eit opent hjarte og djup takksemd, uansett kor i verda vi måtte befinne oss.

I ei tid der mange jamaldrande vel den veltråkka stien med høgare utdanning, tok eg eit dristig val ved å skilja meg ut frå mengda. For meg var det å leve i og oppleve ein så annleis kultur ein draum, og eg føler meg utruleg heldig som fekk denne moglegheita.

Det har gitt meg nye innsyn og inntrykk, utfordra mine verdiar og forma min forståing av verda og meg sjølv. Eg er spent på korleis denne reisa vil forme meg vidare. Å leve her har alt utfordra mine vante tankemønster, og eg er ivrig etter å sjå kva meir denne reisa har å by på.

Astrid Skogheim Skræi frå Seljord