Heime: For tre år sidan fann Harald Lognvik (36) ut at han ville prøve noko anna enn å jobbe heime på garden Nystog i Rauland.

Bonden Harald er multiverktøyet Leger uten grenser vil ha

31. januar kom Harald Lognvik heim til Rauland etter 1,5 år i Irak. Før det var han utstasjonert i Libanon, så til nå har han hatt tre år i Midt-Austen. Fleksibilitet som bonde er noko Leger uten grenser verdset høgt.

For tre år sidan fann Harald Lognvik (36) ut at han ville prøve noko anna enn å jobbe heime på garden Nystog i Rauland. At det er viktig og sunt å prøve noko anna enn det du er vand med. Han meiner sjølv han ikkje har vore så skuleflink. Likevel har han eitt år med administrasjon og leiing frå Høgskulen i Hedmark og ein halvvegs utført bachelor i byggingeniør på CV-en. Då tanta Anne Lognvik foreslo at han skulle søke seg til Leger uten grenser tenkte Harald:

– Men eg er jo ikkje lege!

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg likar å arbeide

Kontrast: Harald Lognvik kom heim til bikkja Queen på garden Nystog i Rauland 31. januar. Kontrasten mellom Mosul og Rauland er stor. Før Harald reiste til Libanon gjennom Leger uten grenser for tre år sidan hadde han knapt sett foten utanfor landegrensene. Nå har han fått eit innblikk i ei verd dei færraste av oss har kjennskap til.

Tre år etter ser han tilbake på eit gjevande arbeid i både Libanon og Irak. Sjølv om han er heime med fri frå Leger uten grenser ligg han ikkje på latsida. Nå jobbar han med alt han kan bidra med på heimgarden Nystog.

– Ferie er for meg bortkasta tid. Eg likar stort sett bare å arbeide, smiler han med eit visst alvor.

Det er helst folk med slik innstilling Leger uten grenser vil ha med på laget. Arbeidsame bønder med stor fleksibilitet.

– Eit av favorittuttrykka til Leger uten grenser er fleksibilitet. Det er ein av dei bondeeigenskapane som kjem godt med. Me har i alle fall drive fleksibelt her på Nystog og det trur eg mange andre bønder gjer også. Ein dag sit du med rekneskap, så er du plutseleg ute og brøyter og dreg opp bilar av grøfta. Ein typisk norsk bonde har kreativitet, fleksibilitet, er sjølvgåande og ofte arbeidsgjevar, seier Harald.

Arbeidsame bønder er uvurderlege

God investering: Harald Lognvik er blitt vand med å leie store konstruksjonsprosjekt i utlandet gjennom Leger uten grenser. Heime på garden Nystog prisar han arbeidsoppgåvene han har som bonde. - Denne timmerhengaren har vore ei utruleg god investering her på garden, seier han.

Leger uten grenser sender ikkje bare legar, sjukepleiarar og jordmødrer til krevjande oppdrag i utlandet. Dei er også stadig på jakt etter menneske som kan arbeide med logistikk og drift. Til desse oppdraga har Leger uten grenser erfart at bønder er godt eigna.

– Bakgrunnen til bønder er som eit multiverktøy. Dei skal handtere drift effektivt, dyra på ein god måte, og regelverk. Dei må finne fleksible løysingar, forhandle og lage avtaler. Dei må handtere budsjett og økonomi og ligge i forkant av ulike scenario i kvar sesong. Alt dette er parallellar til det som skjer når tilsette jobbar som driftspersonal ute på oppdrag for oss, seier Solveig Busk Halvorsen, som er leiar for feltpersonell i Leger uten grenser.

Ho meiner bønder som driv på eit visst nivå er heilt uvurderlege for Leger uten grenser. Organisasjonen har nytta seg av arbeidsame bønder tidlegare også.

– Harald har ein perfekt profil for oppdrag i utlandet for oss. Han er ein kjernekar som er ansvarsfull, ekstremt fleksibel, positiv og handlekraftig i tillegg til arbeidsam. Han er også engasjert for å gjera det beste i felt med tanke på våre pasientar, seier Halvorsen, som oppmodar bønder med erfaring frå drift av gard og ansvar for tilsette til å søke arbeid i Leger uten grenser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inne i flyktningleiren

Libanon: Her tek Harald Lognvik (t.h.) ein prat med den lokale alt mogleg-mannen Youssef.

Fyrste oppdraget Harald hadde var til Libanon. Der skulle han eigentleg jobbe med logistikk i eit lite prosjekt oppi nord, men etter eit par månadar blei han spurt om å flytte til Beirut og ta ansvaret for bygginga av ein klinikk i ein flyktningleir. Der var han med på å bygge ein treetasjes primærhelseteneste i den 70 år gamle palestinske leiren Burj Al Barajneh.

– Denne leiren er mynta på 10 000 personar, men nå er det rundt 40 000 der. Du kan seie mykje om Mosul og Irak, men inne i leirane i Libanon var det svært tøffe forhold. Kriminelle gjengar florerer. Folk blir fødde og veks opp stats- og rettslause der. Dei har nesten ingen rettar i Libanon, som er eit land med svært dårleg økonomi. Busetnaden er på 4—5 millionar, oppå dei er det rundt tre millionar flyktningar der, seier Harald.

Han fortel om eit land med heilt forferdeleg økonomisk situasjon som helst bare vil bli kvitt flyktningane.

– Det er ein veldig, veldig tøff situasjon i dei leirane. Det er eit liv du ikkje har lyst på for å seie det slik. Det er veldig spesielt å jobbe der inne, seier Harald, om leiren som er integrert bydel i Beirut, men delvis med gjerde rundt og armert vakthald.

Grotesk tilstand for flyktningar

Flyktningane i Libanon får ikkje ordentleg arbeid fordi libanesiske myndigheiter ikkje vil gje dei jobb.

– Den libanesiske personen i gata får nesten ikkje sin eigen økonomi til å gå rundt fordi landets økonomi er skoten. Likevel bryr dei seg om flyktningane, sjølv om det er ein emosjonell strid for mange av innbyggarane. Dei hatar flyktningstraumen fordi dei kjem og øydelegg landet deira som alt er øydelagt, likevel så har ikkje flyktningane noko. Flyktningane sin livstilstand er så grotesk at det er vanskeleg å førestille seg, seier Harald.

– Om ikkje anna, så er det ikkje pågåande krig der, legg han til tankefullt og tenker på Irak der fleire av dei lokale kollegaene hans har levd gjennom IS-tida.

Han fortel om korleis IS-medlemmene opptrer brutalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei er bønder vinterstid, så flyg dei rundt og krigar om sommaren, seier Harald.

Han trudde han ville få størst inntrykk gjennom sjølve reisene og det han skulle sjå i landa han kom til, men det er historiene frå kollegaene som har sett størst avtrykk i den sindige raulendingen.

– Det kan vera utfordrande å høyre historiene deira og det gjev eit emosjonelt inntrykk. Eg trur ikkje det er mogleg å førebu seg på dei nære inntrykka ein får i denne jobben. Støttepersonale som meg vil nok få seg ei overrasking over det medmenneskeleg inntrykket me får innover oss. Sjølv om det høyrast naivt ut å seie, så har det fått meg til å innsjå kor godt liv me har i i-land som Noreg. Trass i utfordringar i Noreg, så kan livet vera ufatteleg lettvint og greitt, seier Harald.

Meir og meir ansvar

Irak: Her er Harald Lognvik (t.v.) på jobb i Irak med den lokale sivilingeniøren Mohanad.

Då raulendingen kom til Nord-Irak skulle han arbeide som baseansvarleg i Erbil, som er den kurdiske hovudstaden. Der hadde han ansvaret for ein supportbase til Mosul. Det tok ikkje lange tida før han også blei logistikksjef for ei sjukehusutbygging i Mosul. Der er det i utgangspunktet krevjande å drive med konstruksjon, så kom koronaen oppå.

– Heile konstruksjonsteamet hadde reist heim på grunn av pandemien, så lokalt tilsette måtte overta arbeidet. Det ortopediske sjukehuset har rundt 350 tilsette, så det er ein kjempestor jobb. Så då blei eg i tillegg tilsett som konstruksjonsansvarleg, seier Harald.

Det siste halvåret har han fokusert mest på å vera konstruksjonsansvarleg, byggingeniør, elektroingeniør, og vatn og avløpsingeniør.

– Eg er ikkje alle desse tinga, men det var ikkje så mykje anna val. Hos Leger uten grenser må du ofte klare deg med det du har. Det er ikkje så lett å bare få floge inn ein ingeniør til Irak under normale omstende, endå vanskelegare i koronatider. Som i Libanon bruka eg storparten av oppdraget mitt på å bygge noko, seier Harald.

Trafikkulykker er vanlegast

Ei typisk arbeidsveke for Harald er på 60—80 timar. På høgtryggleiksoppdraget i Irak måtte han også vera tilgjengeleg på telefon heile døgnet og leva med strenge reglar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I Irak er det strenge tryggleiksreglar fordi me lever i ein litt ustabil region der. Me får ikkje gå rundt. Me bur i eit hus med andre internasjonalt tilsette og så er me på arbeidsplassen. Mellom desse blir me køyrt av lokale sjåførar. Me har ikkje lov til å gjera noko anna, seier Harald.

Han fortel at Leger uten grenser opererer på det han kallar såpass interessante plassar at det er heilt naudsynt med lokal kunnskap for å køyre trygt.

– Sjølv då er trafikkulykker den vanlegaste ulykka me har med internasjonalt tilsette. Nesten aldri blir folk skotne på eller bomba. Det er heller teite ulykker. Anten får du elektrosjokk på jobb eller så krasjar bilen på veg heim frå arbeid sjølv om dette er sjeldne hendingar, seier Harald.

Lyden av skotsalver, eksplosjonar, militære køyretøy og væpna personale blir dei tilsette i Leger uten grenser fort vande med.

– Blir du ikkje vand med det, så er du ikkje eigna til å vera på oppdrag for Leger uten grenser, seier Harald.

Heime i Rauland er kvardagen annleis. Nå syslar han med veg- og anleggsarbeid, ved og turisme.

– Kontekst er subjektivt

Harald fortel at det er viktig å vera var på det å bli utbrent når ein jobbar i Leger uten grenser.

– Mange går på smellar dei normalt ikkje ville gått på i heimlandet sitt. Eg har vore veldig ærleg med meg sjølv fordi eg har ein «kjekk kjekkesen»-innstilling når det kjem til mykje arbeid, så eg har frå eg kom til Libanon vore forsiktig og evaluert meg sjølv og sett korleis sinnstilstanden min har vore slik at eg ikkje skal gå på ein smell, seier Harald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå har han halde på i Leger uten grenser i tre år utan å bryte saman eller lage livet surt for andre, så han meiner han har funne balansegangen.

– Eg brukar reaksjonane til dei rundt meg til å lodde eigen form. Blir dei rundt meg stressa, ubehagelege eller sinna rundt meg, så må eg tolke om det er meg som får dette til å skje eller anna rundt. Hittil har det ikkje skjedd noko slikt. Det er mange faktorar som verkar inn på min eigen sinnstilstand, som til dømes dei sterke historiene til kollegaene som surrar og går i bakhovudet mitt heile tida. Me blir også prega av å bu fastlåst i eit hus utan å kunne gå ut. I tillegg høyrer me jo skyting, bombing og skriking, seier han.

Den største lærdomen Harald har dratt til seg etter tre år i Leger uten grenser er at kontekst er subjektivt.

– Korona har verkeleg vist kor mentalt påverka me kan bli i i-land når me får restriksjonar. Det har ingenting med at me er svake, dumme eller bortskjemde. Menneskekroppen og hjernen er bare så fleksible at me tilpassar oss ekstremt godt det me lever i. Det finst folk som lever i aktive krigssoner der bombene regner og folk ligg døde i gatene, likevel steller dei med ungane, får seg mat til ungane og finn ein veg til skulen eller lærdom. Eg ville ikkje bytta med dei, men eg ser at dei finn ein måte å leve livet på uansett, avsluttar Harald.

Reflektert: Harald Lognvik har arbeidd tre år i land der korrupsjon og maktmisbruk er kvardagskost. Den største lærdomen Harald har dratt til seg etter tre år i Leger uten grenser er at kontekst er subjektivt.– Korona har verkeleg vist kor mentalt påverka me kan bli i i-land når me får restriksjonar. Det har ingenting med at me er svake, dumme eller bortskjemde.