Vinjeskinke av eplegris

Har du nokon gong vore i beit for kva du skal gje til folk som har alt frå før?

Eg har eit framlegg: Vinjeskinke av eplegris frå Nordre Lindheim. Denne skinka er salta og speka av Vinje slakteri. Dei som driv der, på ein stad som heiter Våmartveit, har smakslaukane og fagkunnskapane i orden: Skinka er delikat og smakar utruleg godt, – og har du skikkeleg eggerøre, heimelaga potesalat, flatbrød og godt smør, og nok drikke, vert det godlynt grynting og stor stemning rundt bordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om dette produktet kostar nokre kroner, er det verdt prisen. Folk blir glade av slike gåver.

Hallgrim Berg

Ål