Vil slå saman forliksråda

Kommunestyra i Seljord og Kviteseid tar i kveld stilling til om ein skal slå saman forliksråda i dei to nabokommunane. Saka kjem opp etter oppmoding frå lensmennene i dei to kommunane, og har lik innstilling. Enkelt sagt er forliksrådet der usamde kan bli samde utan å møte i retten. Forliksrådets hovudoppgåve er å legge til rette for at partane ved mekling eller dom får løyst saka enkelt, hurtig og billig. 

Frå nyttår 2016 er ein sivilt tilsett i politiet forliksrådssekretær for alle kommunane i Vest-Telemark. Difor meinte lensmennene det også var eit naturleg høve for å vurdere ei samanslåing av forliksråda i Kviteseid og Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forliksråda i dei to kommunane handsamar om lag 50 saker kvart år. Om lag 70 prosent av desse sakene blir avgjort som fraværedommar, noko som betyr at forliksråda sit att med om lag 15 meklingssaker kvar.

I rådmannens framlegg kjem det fram at det er Kviteseid som skal ha leiarvervet i forliksrådet for denne kommunestyreperioden, medan Seljord har to faste medlemar, ein av kvart kjønn. Neste valperiode blir dette snudd, då Seljord skal ha leiarvervet og Kviteseid to faste medlemar.

Kommunestyret i Kviteseid har tidlegare vedteke at det er Svein Henriksen som skal vere leiar av forliksrådet, medan Seljord har vedteke at Kjell Hartberg og Ragnhild Skrede møter som faste medlemar denne perioden.

Frå Kviteseid er Trond Fjågesund og Astrid Tveten 1. og 2. vara, medan Stig Høgetveit frå Seljord blir 3. vara til forliksrådet.