I år er det to røystesetlar, ein for kommunestyre- og ein for fylkestingsval. Begge må ha stempel for å vere godkjend. 							                ILLUSTRASJONS
I år er det to røystesetlar, ein for kommunestyre- og ein for fylkestingsval. Begge må ha stempel for å vere godkjend. ILLUSTRASJONS

Slik røystar du ved valet

I haust er det kommunestyre- og fylkestingsval. Men kven kan røyste og korleis røyster ein?

Det einaste ein må hugse å ha med når ein skal røyste er gyldig legitimasjon med namn, fødselsdato og bilde. Tek du med valkortet du fekk i posten i tillegg, kan det gå fortare.

I år er det både kommune- og fylkesval, og ein må derfor velje ein setel for kommunestyrevalet og ein for fylkestingsvalet. Om ein ikkje vil gjere nokon endringar på røystesetelen er det berre å brette den saman slik at stempelet kjem ut og partinamnet inn, og levere setlane til ein av valfunksjonærane. Begge setlane må ha stempel for å vere godkjende. Deretter puttar du dei i valurna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å endre røystesetelen

Ved kommunestyrevalet kan du gje såkalla personrøyster ved å setje eit kryss ved dei ulike kandidatane du ønsker å gje ei «ekstra» stemme. Du kan gje personrøyst til så mange kandidatar som du ønsker.

Det er også mogleg å føye på kandidatar frå andre parti. Då må ein skrive inn namnet til desse kandidatane på setelen.

Om ein vel å føre opp kandidatar frå andre parti, bør ein vere merksam på at ei såkalla listerøyst blir overført til partiet til kandidaten du har ført opp. Dette kan påverke fordelinga av mandat i kommunestyret.

Det er mogleg å gjere endringar på røystesetelen til fylkestingsvalet også, men her er det berre ved å setje kryss ved kandidatar – altså personstemmer. Det er ikkje mogleg å føre på kandidatar frå andre parti – såkalla slengarstemmer.

Kven har røysterett?

Alle norske statsborgarar som er 18 år eller fyller 18 i løpet av 2019 har røysterett. Nordiske statsborgarar som har budd i Norge sidan 30. juni 2019 har også røysterett. Utanlandske statsborgarar utanfor Norden har røysterett om dei har vore busett i Norge dei tre siste åra før valdagen.

I alle kommunane i Vest-Telemark, med unnatak av Nissedal, er både sundag 8. september og måndag 9. september valdag.

kari.s@vtb.no