Ordførar Jarand Felland (Sp) og rådmann John Kleiv i Tokke freistar på ny å kvitte seg med alderspensjonatet på Åmdals Verk.
Ordførar Jarand Felland (Sp) og rådmann John Kleiv i Tokke freistar på ny å kvitte seg med alderspensjonatet på Åmdals Verk.

Sel alderspensjonat

Formannskapet i Tokke vedtok å selje Åmdals Verk alderspensjonat til Geir Fles.

Politikarane i formannskapet aksepterte bodet frå Fles på 350 000 kroner, mot at kjøpar kostar alle utbetringar i høve brannteknisk rapport, og dekker omkostningane ved salet, skriv rådmannen i innstillinga.

Thor Arne Heggtveit (Sp) opna debatten med å ynskje salet velkomen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må vere glade for at me får seld det. Men kva med punkt fire i tilrådinga, spurde Heggtveit?

– Dersom Geir Fles vil selje noverande Åmdals Verk alderspensjonat innan fem år, har Tokke kommune forkjøpsrett, står det i siste punkt frå rådmannen.

Rådmann, John Kleiv svara at det var lagt inn fordi bygget har ei sentral plassering på Åmdals Verk og at kommunen såleis vil ha ei viss hand om utviklinga.

Tone Dale Solvang (Sp) meinte det var viktig å få plass det branntekniske med ein gong.

– Bygget ligg midt på Åmdals Verk. Eg kunne tenkje meg så selje det, men at kommunen ordna dei branntekniske utbetringane fyrst, sa Solvang.

– Det vil me helst sleppe, sa rådmannen.

Gørrbillig

Vidar Vindal (Ap) tykte prisen var noko låg.

– Det er gørrbillig. Når eg køyrer forbi bygget synest eg det ser ut til å vere i god stand. Prisen er altfor billig, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Jarand Fellan var av ei anna oppfatning.

– Når ein har vore innomhus og sett, så ser ein at det mellom anna at det har vore lekkasje og at det er behov for utbetringar, sa Felland.

Heggtveit sa seg også ueinig med Vindal.

– Eg er ikkje einig med Vidar. Det er viktig for kommunen å få kvitta seg med bygget. Dette er ikkje noko gullgruve, og får noko det til å svive er det berre bra, sa Heggtveit.

Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke.

Salssum vert avsett til investeringar på kommunale bygg.

Det vart etter framlegg frå Felland lagt til i fjerde punkt om tilbakekjøp at eigedomen.

– Tokke kommune har tinglyst forkjøpsrett til marknadsverdi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fles ynskjer å tilby overnatting for turistar, leilegheit for eldre frå området, utleige til diverse arrangement, samt møte- og kontorlokale i bygget, står det i rådmannens utgreiing.

olav@vtb.no