Rumenarar syter for at det blir gjort mykje skogkulturarbeid. Til høgre er arbeidsgjevar Tollef Grønvold og framom han er Nicko.
Rumenarar syter for at det blir gjort mykje skogkulturarbeid. Til høgre er arbeidsgjevar Tollef Grønvold og framom han er Nicko.

Rumensk stå-på-vilje gjev eit betre liv

Tollef Grønvold i Vrådal kyter av dei 14 rumenarane han har i arbeid. Ved å drive ungskogpleie og plante sikrar gjengen seg viktige inntekter som har gjeve ein langt betre livssituasjon for dei og familiane i heimlandet.

Me har lagt turen til Bandaksli der Tollef Grønvold har fire rumenarar i arbeid med ungskogpleie. Nicko (43) har jobba med dette og planting i Vest-Telemark og andre område sidan 2001. Han har lært seg ein del norsk, og står klar i fullt verneutstyr og med eit smil for å slå av ein prat.

– Eg likar denne jobben og er veldig nøgd med å få jobbe i Noreg. Her får eg viktig inntekt for å ha det bra og kunne ha eit godt hus å bu i, seier Nicko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heime i Romania har han kone, ei dotter på 4 år og ein son på 12. Med den norske inntekta har Nicko mellom anna råd til å betale for ekstraundervising for sonen. 

– Og på grunn av inntekta har me fått eit fint hus på landet og kjøpt leilegheit i ein liten by 65 kilometer unna. Der bur me mykje, og sonen vår får gå på ein mykje betre skule enn på landet der me har eige hus saman med svigerfar. Sonen kan alt snakke veldig godt engelsk, og det er viktig, seier Nicko.

Small money

Han fortel at det er jobb å få for rumenarane i heimlandet.

Nicko er glad i jobben han har hatt i Noreg sidan 2001.
Nicko er glad i jobben han har hatt i Noreg sidan 2001.
Rumenske arbeidarar ved huset til bror til Nicko. Framme til venstre er skogbruksleiar Olav Inge Nordbø. Ståande heilt bak er Nicko (t.v.) og Tollef Grønvold, og framom dei er skogkulturkoordinator Pål Hekkli.
Rumenske arbeidarar ved huset til bror til Nicko. Framme til venstre er skogbruksleiar Olav Inge Nordbø. Ståande heilt bak er Nicko (t.v.) og Tollef Grønvold, og framom dei er skogkulturkoordinator Pål Hekkli.
Inntekter i Noreg har sytt for at mellom anna Nicko og familien har fått seg fint hus.
Inntekter i Noreg har sytt for at mellom anna Nicko og familien har fått seg fint hus.
På turen til Romania fekk Tollef Grønvold sjå litt av kvart.
På turen til Romania fekk Tollef Grønvold sjå litt av kvart.
Ein rumenar som i vår brukte motorteleskopsag mellom Rv41 og Nisser.
Ein rumenar som i vår brukte motorteleskopsag mellom Rv41 og Nisser.
Arbeidsgjevar Tollef Grønvold har mange gode ord å seie om arbeidsinnsatsen til rumenarane.
Arbeidsgjevar Tollef Grønvold har mange gode ord å seie om arbeidsinnsatsen til rumenarane.
Lastberaren får med seg mykje tømmer.
Lastberaren får med seg mykje tømmer.
Tollef Grønvold legg vekt på å ha god maskinpark. Denne nye hogstmaskina blei kjøpt i april og blir bytta ut om tre år.
Tollef Grønvold legg vekt på å ha god maskinpark. Denne nye hogstmaskina blei kjøpt i april og blir bytta ut om tre år.

– But small money, seier Nicko.

Ved å jobbe tre månader i Noreg tener han like mykje som på eitt år i Romania.

Den rumenske arbeidsgjengen på totalt 14 menn som Grønvold er arbeidsgjevar for, driv skogkulturarbeid frå 1. april til midten av november.

– Alle rumenarane har viktige inntekter i denne perioden, og livet blir mykje betre ved å jobbe her og tene pengar, seier Nicko.

Han har tvillingbrødre og fire nevøar som er med i arbeidsgjengen til Grønvold. I løpet av sesongen er dei heime ein tur eit par gonger.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil fortsette å jobbe her, seier Nicko bestemt.

– Han skal jobbe her til han blir 70 ..., kjem det med eit smil frå arbeidsgjevaren.

– Veldig god arbeidsmoral

Grønvold har hatt arbeidsgjevaransvaret for rumenarane i to år.

– Det er heilt topp å ha dei i arbeid. Så lenge dei gjer ein god jobb og er snille og greie er det bare moro. Eg har blitt så bortskjemt med rumenarane – dei har veldig god arbeidsmoral. Dei tener bra på den tida dei er her, men dei jobbar! Og dei betaler skatt til Noreg, seier arbeidsgjevaren.

Sist februar var Grønvold, skogkulturkoordinator Pål Hekkli og skogbruksleiar Olav Inge Nordbø til Romania for å skrive kontrakt med rumenarane.

– Me måtte ned tidleg på året for å vite kor mange rumenarar me hadde til å jobbe i år, seier Grønvold.

– Rumenarane synest det er gøy at me kjem heim til dei, og det er moro å sjå kor bra dei får det av inntektene frå Noreg, fortset arbeidsgjevaren. 

Så legg han til etter å ha besøkt landet:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mykje fattigdom i Romania, ja elendig.

{{imageLeft}}

Hekkli og Nordbø jobbar i AT skog, som formidlar arbeidsoppdraga Grønvold skal gje rumenarane. Ved hjelp av Ipad finn dei sjølve ut kvar dei skal jobbe og bestandsgrensene.

Rumenarane har vore på HMS-kurs, og i vår hadde ein plantegjeng revisjon på det som var utført.

– Det kom tilbake ein tommel i vêret frå revisjonen. Rumenarane er flinke til å plante, seier Grønvold.

Han leiger hus til rumenarane. Fire bur i Nissedal, fire i Birkeland og seks i Hjartdal. Arbeidsområdet er delar av Agder og Aust-, Midt- og Vest-Telemark.

– Det blir for det meste administrasjon frå deg?

– Eg bare flyg i vegen … Nei, det blir mykje administrering, eg sørger for utstyr, bilar og anna til dei, svarar Grønvold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om det ikkje er for tett ungskog utfører kvar rumenar om lag eitt mål i timen i avstandsregulering. Vidare blir det plugga opp mot 1000 planter per mann på ein dag.

– Viss ikkje me hadde hattrumenarane, hadde det vore mykje forfall på planting og ungskogpleie. Rumenarane har hatt nok arbeid kvart år, men det kjem av at dei er flinke, effektive og har godt ord på seg. Då får du jobbar, seier Grønvold.

20 arbeidsplassar og mykje hogst

Alt som 17-åring kjøpte Tollef Grønvold sin fyrste traktor.

– Eg lika ikkje å gå på skulen, det var vel noko der.

Han hogg og køyrde tømmer aleine i ei tid han budde i Kviteseid. Tre somrar var det i staden anleggsarbeid. 

Då Grønvold var 25 år, blei det kjøpt inn lastberar saman med ein kamerat. Grønvold køyrde lastberar i eit halvt år i Tyskland i 1990, for å vere med og rydde opp i alle vindfalla.

– I 1996 kjøpte eg mi fyrste hogstmaskin, ei bruka gamal dårleg greie. Det blei mykje skruving. Eg bygde meg opp med betre utstyr etter kvart.

Etter 1995 har Grønvold alltid hatt lastberar og hogstmaskin. Sidan det blei mykje å gjere måtte han til med arbeidslag nummer to i 2015.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag har Grønvold to lastberarar, to hogstmaskiner, to gravemaskiner, flyttebil og campingvogn om arbeidarar har behov for overnattingsplass.

– Maskinparken er bra, eldste hogstmaskina er to år. Når den er tre år byter eg den ut. Eg har bestilt ny, den kjem neste haust, seier Grønvold.

Inkludert seg sjølv er det seks personar knytt til hogstlaga. Totalt blir det hogge over 60 000 kubikkmeter tømmer i året.

Med rumenarane som Grønvold har i jobb, er ein oppe i 20 arbeidsplassar som vrådølen har rundt seg og ansvaret for.