Jon Rikard Kleven og Tone Edland kan smile etter tidenes Sp-val i Vinje.
Jon Rikard Kleven og Tone Edland kan smile etter tidenes Sp-val i Vinje.

Reint fleirtal for Kleven og Sp i Vinje

Senterpartiet i Vinje har fått meir enn halvparten av røystene.

Jon Rikard Kleven blir ordførar i Vinje også dei neste fire åra. Partiet har gjort sitt beste val nokon sinne i Vinje. Valresultatet viser at 52,9 av dei røysteføre har røysta på Senterpartiet. 

Med om lag 100 røyster att å telje, ligg Senterpartiet i Vinje an til å få 14 av 25 mandat.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me stressar ikkje med å gå i forhandlingar, seier ordførar Kleven.

– Ein blir audmjuk av ein slik tillit. Men det gjev oss også eit stort ansvar med å oppretthalde kommunestyre til ein god politisk arena. Me i Sp har sterke meiningar, og ingen partipisk, så det skal framleis vere interessant politisk i kommunestyret, seier Kleven.

Tone Edland i same parti er også gledeleg overraska av framgangen.

– Det er heilt vilt. Me hadde jo håpa me ikkje gjekk tilbake, men at me skulle gå så mykje fram var uventa, seier ho.

Arbeidarpartiet fekk berre 16,8 prosent av røystene. Det vil gje 4 representantar i kommunestyret, og er det dårlegaste valet for lokalpartiet nokon gong.

SV fekk 12,0 (3 mandat), Høgre 8,5 (2 mandat), Frp 4,0 (1 mandat), KrF 3,7 (1 mandat) og Venstre med 2,0 prosent er på veg ut av kommunestyret.