Nest eldst i Noreg

Eldst i landet er ho ikkje, Åsne Hustveit i Vinje, men skal ho halde fram slik ho gjer, er det berre eit tidsspørsmål! I morgon fyller ho 108 – eitt hundre og åtte år – og er ikkje tyngd av alderen i det heile. Fyrst opp om morgonen – og sist i seng. Det er mest ikkje råd å få ho i seng før klokka halv elleve om kvelden, klagar dei tilsette ved Vinje Helsesenter med ein smil. Sundag ettermiddag drakk ho ettermiddagskaffien saman med dei andre på heimen, og gav utan atterhald løyve til fotografering til den store dagen. Eit handtrykk fekk fotografen og, varmt og sterkt. 

Les heile praten med Åsne Hustveit i VTB-arkivet her.