Kjetil Flatland frå Seljord er i desse dagar ute med debutalbumet «Ein song til deg». – Musikk har ei utruleg kraft til å uttrykkje kjensler og stemning som eg ikkje får frå noko anna kunstform, seier han.
Kjetil Flatland frå Seljord er i desse dagar ute med debutalbumet «Ein song til deg». – Musikk har ei utruleg kraft til å uttrykkje kjensler og stemning som eg ikkje får frå noko anna kunstform, seier han.

– Musikk har ei utruleg kraft

Då mørkret la seg og dei sat rundt bålet etter jordskjelvet tok Kjetil Flatland fram saksofonen.

Opptakten til sleppet av debutplata til Kjetil Flatland blei ikkje slik han hadde tenkt. Fredag i førre veke kunne han feire med plateslepp med konsert på Granvin kulturhus – nøyaktig to veker etter at han saman med kollegaer og elevar ved Seljord folkehøgskule landa på Gardemoen etter å ha opplevd jordskjelvet i Nepal.

Men musikken kan vera det som gjev meining, når alt verkar meiningslaust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Felespelaren og saksofonisten

Få dagar før jol fall alt på plass. Med økonomisk støtte frå fondet for lyd og bilete, platekontrakt frå Grappa og støtte frå det lokale næringslivet kunne Kjetil Flatland endeleg gå i studio. Resultatet blei «Ein song til deg».

Debutplata har 12 spor der Knut Buen har skrive sju av melodiane og åtte av tekstane. Flatland og Buen har samarbeidd sidan 2010, og tekstene til plata er henta frå boka «Sitring».

Melodilinene frå felespelaren har så saksofonisten og vokalisten laga om til låtar, og det har vore ei spanande oppgåve.

– Knut har eit levande lydbilete og tonaliteten skapar spenningar som eg likar. Då blir det meir utfordrande å lage melodilinene om til ein låt. Så eg har set inne i snøstormen og prøva meg fram til rette akkordar, fortel Flatland.

Forutan Knut Buen er det fleire andre musikarar med på plata. Helge Wahl Flatland trakterar tangentane, Ellen Bekken spelar bass, Vegard Hasselgård gitar og bror Frode Flatland held rytmane på plass med trommer. Produsent er Leif Johansen og arbeidet har vore ein fryd, fortel platedebutanten.

– Det er godt å tenkje på at dette er eit produkt som me musikarane kan stå inne for. Det er musikarar med enorm speleglede, seier han.

Garbarek

Kjetil byrja tidleg med musikk. Alt i 2. klasse var det saksofonen som blei instrumentet. Timevis på øvingsrommet sto han og terpa for å etterlikne førebiletet, jazzsaksofonisten Jan Garbarek, sine tonar.

Men sidan då har førebileta blitt fleire og musikksjangrane mange. Sjølv synest han det er vanskeleg å plassere musikken på plata i ein bestemt sjanger.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle musikarane som er med er nokre skikkelege sjangergrisar som høyrer på det meste. Plata er kanskje ei vise-jazz-folkemusikk-plate, ler han.

Då jordskjelvet ramma

Til dagleg er Flatland lærar ved song og låtskrivar-lina på Seljord folkehøgskule. På klassetur med skulen var han og kollegaene saman med elevane i Nepal då det store jordskjelvet kom. Dei dramatiske dagane sette spor, også i arbeidet med debutplata, forklarar han.

– Slike opplevingar som me fekk då, er noko ein ikkje gløymer. Alle har nok fått ei eller annan form for reaksjon etterpå. For meg har reaksjonen vore ei kjensle av at det meste ein driv med kjennest litt meiningslaust. Me lever på toppen av behovspyramiden her i landet og kan drive med sjølvrealisering. Der nede var me plutseleg heilt nede på botnen, og det var tryggleik, mat og vatn som var viktig. Så set ein seg på eit fly og er plutseleg tilbake på toppen att. Det er naturleg at ein kjenner på det.

Musikk gjev meining

Men samstundes er Flatland takknemleg for at dei var der nede då naturkatastrofen kom fordi dei fekk gjort ein veldig viktig jobb. Og musikken blei ein styrke i det mørke.

– Den kvelden me sat ute rundt bålet saman med barna frå barneheimen og mørket senka seg, då pakka eg opp saksofonen og byrja å spela. Det var det mest naturlege å gjera. Dei største barna sat stille og lydde før dei byrja å synge songar frå Nepal. Det var ei veldig fin og sterk oppleving. Musikk har ei utruleg kraft til å uttrykkje kjensler og stemning som eg ikkje får frå noko anna kunstform. Det er ein grunn til at musikk har vore ein del av alle kulturar. Så når det kjennest meiningslaust, er det bare å halde på den tanken og køyre på, seier han.

Det har han gjort, og no er plata sleppt på marknaden. Flatland er spent på mottakinga, og håpar å få spela fleire konsertar framover.

– Eg håpar det er nokon som finn glede i musikken.