Mange spørsmål – få svar

Fredag 20. mars la regjeringa fram meldinga om nye oppgåver til større kommunar. Kommunereforma, som det heiter. Regjeringas uttalte mål er færre kommunar, frå dagens 428 ned mot hundre.

I utgangspunktet sa kommunalminister Jan Tore Sanner (H) at kommunane burde ha minst 15 000 til 20 000 innbyggjarar. Det kravet har han gått bort frå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit anna poeng for regjeringa var å avvikle interkommunalt samarbeid fordi det er lite demokratisk.

Kva regjeringa eigentleg meiner når dei i meldinga skriv at kommunane i visse tilfelle kan plipålagtå samarbeide, er usikkert. Vil dei vellykka interkommunale samarbeida me har i Vest-Telemark kunna halde fram dersom kommunane vedtek å halde fram som sjølvstendige kommunar, som i dag?

Då statsministeren og kommunalministeren presenterte stortingsmeldinga, konsentrerte dei seg om dei folkerike kommunane, det som skal bli storkommunar og storbykommunar, og dei oppgåvene slike kommunar skal ta seg av i framtida. Distriktskommunar og små kommunar var ikkje nemnt. Som kjent er geografien ulik rundt om i landet. Eller sagt på ein annan måte: Kommunar med lågt folketal utgjer gjerne dei største geografiske områda i landet. Vest-Telemark er eit slikt område.

Om me til dømes ser på Vestfold fylke, kunne heile fylket gå saman til ein kommune – og endå ville avstandar vera langt mindre enn i Vest-Telemark. Det vil vera fleire folk, men langt færre bakkar opp og ned å køyre for kommunetilsette, politikarar og folk flest som har ærend til rådhuset.

Mange av dei spørsmåla stortingsmeldinga reiser, håpar ordførarane i Vest-Telemark å få svar på i ei utgreiing fem av dei, utanom Vinje, har vedteke å vera med på. I den utgreiinga vil dei også få svar på kva eit utvida samarbeid vil ha å seia.

Ordførarane i Vest-Telemark trur kommunane vil bestå som i dag. Unntaket er Jon Svartdal i Seljord. Han har sagt klart at Seljord er for liten til å greie seg aleine i framtida. Derfor er kommunen hans med på å greie ut samanslåing både i Vest-Telemark og med Bø eller fleire Lifjell rundt-kommunar. Om Seljord vil vera fornøgd med å bli ein utkant i Bø, i staden for eit senter i Vest-Telemark, står att å sjå.

Overføring av oppgåver er ein ting. I neste omgang kjem inntektene til kommunane. Det er førebels også eit ope spørsmål, men kan vera det som til slutt avgjer – det kan bety tvangssamanslåing. Erna Solberg blir hugsa for at ho i si tid som kommunalminister snørde att pengesekken til kommunane. Det knepet kan ho bruke nok ein gong – i prestisjeprosjektet «Nye oppgåver til større kommunar».