Lennart Larsson.
Lennart Larsson.

Lennart Larsson til Langlim og Åmotsdal

Fyrstkomande helg kjem den kristne trubaduren Lennart Larsen til Langlim og Åmotsdal.

Lennart Larsen (bildet) er fødd og oppvaksen i Fredriksberg i Dalarna, Sverige, men har heile Norden som sitt virkefelt.

Arrangørane for samlingane melder at Larsen har mellom anna budd i Halden i 18 år, men flytta attende til Sverige i 2006.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mange år har han vore omreisande songar og evangelist, med nokre avbrot som fast forstandar eller anna «vanleg» arbeid.

– Lennart er ein høgt skatta songar og musikar, og han synest Noreg er eit takknemleg land når det gjeld å verdsetja den skandinaviske kristne songskatten, melder Karl Valhovd på vegner av arrangørane.

Lennart har lært seg over 400 songar. Dette brukar han på den måten at tilhøyrarane kan ynskje seg songar som han framfører der og då, eit tilbod ikkje mange andre kan by på. Larsen har gjeve ut mange kassettar, CD-ar, og DVD-innspelingar, og han var og med i dei populære «Minns du songen»-programma. (i Noreg på TV2).

Lennart ynskjer spesielt å nå dei som ikkje til vanleg går i kyrkje eller bedehus. Samlingane har ein glad tone, men med ein klår bodskap.

Arrangørane på helgas samlingar melder at samlingane vert på grendehuset i Langlim fredagskvelden, og sundag føremiddag på Betel i Åmotsdal.

Larsen deltek også på føremiddagstreffet på Soar i Bø fredag og ettermiddagsmøte der sundag 21. oktober.