Audny Barstad)
Audny Barstad)

Leikeplassen

Bestefar fortalde:

Langt inne i landet låg der ei grend med 6 gardar. På kvar av desse budde der ein liten gut. Desse var: Halvor, Erik, Jarand, Jon Rikard, Tarjei og Halfdan. Alle gutane leika saman. Det hadde dei faktisk gjort i nokre år. Dei leika til tider ganske godt med kvarandre. Og dei fekk kontantstøtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Langt unna, inne i byen, sat den vel artikulerte Jan Tore – oppvaksen i ein møblert heim på beste vestkant – og fann ut at nå ville han legge til rette for nye og større leikeplassar rundt om i landet og desse 6 måtte sjå om dei kunne finne fram til ein slik leikeplass. Ein fast leikeplass. Elles ville det bli mindre kontantstøtte. Han hadde med slike leikeplassar å gjera han – Jan Tore.

Men kven skulle leike med kven og kvar skulle leikeplassen liggje?

Halvor forstod tideleg at leikeplassen ikkje kunne koma til han. Han budde på ein gard der pelsdyrlukta var stram. Når attpåtil aktivistar gjorde det dei kunne for å strupe drifta, var det fånyttes å tenkje seg leikeplassen heime hjå han. Men Halvor ville gjerne leike med andre.

Sjølv om Erik på den svære skogeigedomen kunne lokke med eigen brusmaskin, såg også han at det ville bli vanskeleg med leikeplass. Då fann Erik ut at han ville leike åleine. Til nød kunne han leike litt med Halvor, og mogeleg med Jarand, men helst ville han vera åleine. Heime på garden hadde dei eigen fangeleir, som dei nå skulle avvikle. Då var det i alle fall ikkje farleg å leike åleine. Ein venn av Jan Tore i byen hadde bestemt at fangane skulle til Nederland. Vi blir kvitt plageåndene og nederlendarane får inntekter. Vinn-vinn kalla han fenomenet.

Jarand budde på ein bratt eigedom, men hadde minikraftverk. Han var ikkje heilt uvillig til å leike med Erik, men han ville heller leike med Jon Rikard. Dei hadde hatt felles dagmamma – og (ikkje minst) pappa – og kjente kvarandre godt frå før. Likevel synest også han det var fint å leike åleine.

Det same med Jon Rikard. Han ville vera åleine. Han kunne leike sjølv. Rikdom gjennom kraft og sal av hytter hadde skaffa dei symjebasseng og fine skibakkar. Desse ville han helst ha for seg sjølv. Dessutan var han av Vinje-slekt og kunne sjølvsagt leike Storegut. Heilt eismal. Som far hadde gjort – og bestefar og langbestefar – og veldig lange bestefar.

Tarjei ville så gjerne ha leikeplassen. Men kva hadde han å by på? Gamle trebåtar og skiløyper som var dei same som i 1880. Ingen synest det var spanande. Men Halvor var ikkje framand for å leike med Tarjei. Og heller ikkje Halfdan. Eller det vil sei Jon. Jon var ein bror av Halfdan som gjekk seg vill på veg heim frå søndagsskulen i fjor vinter.

Halfdan sat ofte utanfor butikken til far sin og ropte på dei andre: Kom hit – her skal vi bygge leikeplass. Det er masse godteri i butikken til p-a-p-a. Men ingen kom. Søtsaker var ikkje sunt lenger. Halfdan ringde stadig til syster si, Solveig, som gjekk på internatskule i byen. Ho har blitt vant til store leikeplassar, for det hadde Jan Tore fortald henne alt om. Ho kjende han. Ja, så godt kjende ho han at ho skreiv brev heim på bokmål – av og til – om kvar leikeplassen skulle liggje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette blei jo bare rot. Ein forskar på leikeplassar (frå nabogrenda) vart hyra inn for å rydde i kaoset. Han sa: Helst bør det vera ein leikeplass for alle seks. Går ikkje det så bør det bli leikeplass for fem, utan ein, eller fire utan to, eller tre utan tre, eller to utan fire, eller to og to og to, eller tre og tre.

Tenk dette fann han ut. Men ikkje berre det. Dersom eitt barn i grenda flytter ut blir det eitt menneske mindre, og eitt fleire dersom eitt flytter til. Og la han til; «det ligger penger i signifikans og empiri.» Ingen forstod kva han meinte, men det var heller ikkje poenget. Poenget var at han måtte ha god betaling for dette – og det forstod alle.

Alle mot alle og alle mot ein – eller to – eller tre – eller fire – eller fem …

Men bestefar, kom det aldri på plass ein slik felles leikeplass?

Jau, sjølvsagt. Desse seks leika rundt for seg sjølve det meste av oppveksten sin, men neste generasjon, og den etter den att, bygde ein flott og velfungerande leikeplass.

Nå er eg så spent – kvar vart den bygd?

Nei, det som eg ikkje kan hugse. Og ikkje er det så viktig heller. Det viktige for leikeplassar er å vera arena for at ungar skal fungere godt i lag. Utvikle kreativitet og samarbeid, kompetanse og synergi. Og leikeplassen har vore viktig for trivselen i grenda. Det veks og gror i krikar og krør, og folk syns å ha funne seg vel til rette.

Sa bestefar. Og ein farfar i livet skulle alle ha …