Ja til sal av alderspensjonat

Eit samrøystes kommunestyre i Tokke sa ja til å selje Mo alderspensjonat til John Einar Hagen. Hagen har bydd 900 000 kroner for bygget. Av denne summen går i overkant av 124 000 kroner med til å kople straumforsyninga til alderspensjonatet frå Mo vassverk. Dei har i dag same straumabonnement. Tokke kommune står for denne omkoplinga og arbeidet med straumkabelen. Dermed får kommunen om lag 775 000 kroner på konto ved sal. Taksten var i fjor 1 750 000 kroner.