Aanund O. Edland (1872-1940) tok dette biletet av det eldste barnet sitt Olav, som var fødd i 1916. Den vesle guten som skuvar på den heimelaga barnevogna mista mor si berre seks år gamal.
Aanund O. Edland (1872-1940) tok dette biletet av det eldste barnet sitt Olav, som var fødd i 1916. Den vesle guten som skuvar på den heimelaga barnevogna mista mor si berre seks år gamal.

«Ingen maa dø ufotograferet»

Slik annonserte fotograf Øystein O. Solberg (1877-1923) frå Seljord i avisene kring førre hundreårsskifte.

Han var ikkje forsiktig med formuleringane i marknadsføringa si Øystein O. Solberg, som meinte at ingen måtte døy ufotografert. Å få «teke seg av», som den vanlege formuleringa var, var for dei fleste eit stort økonomisk lyft. Kan hende det var difor dei fleste bileta av Solberg, som blei vist på fotokvelden på Vest-Telemark museum tidlegare denne månaden, stor sett synte «haldne» familiar.

Av bileta som blei vist for eit full kaférom i Eidsborg, var det mindre å sjå av småkårsfolk. Heller ikkje landskap eller daglegliv var i større grad representert. For, som Magne Ljosdal sa, fotografane fekk pengar for å ta portrett – difor var det helst slik bilettaking dei dreiv med.

Artikkelen held fram under annonsen.

100 000 gamle bilete

Den årlege arkivdagen på museet i Eidsborg handla altså om fotosamlingar. Arkivar Per Ormestøyl kunne fortelje at museet har meir enn hundre tusen bilete i samlinga si. Kring sju tusen av desse er digitalisert og er å finne på internettsida digitaltmuseum.no.

I fylgje Ormestøyl blir Knut Berdal (1829-1895) rekna for den aller fyrste fotografen i Vest-Telemark. I alt er 172 glasplater etter han bevart. Berdal er også han som i 1858 tok det kjende biletet av Myllarguten, Torgeir Augundsson (1801-1872).

Elles blei fotografar som Johan Chr. Fr. Munthe (1818-1892) som budde i Kviteseid, Hans Tveito (1887-1953) frå Lårdal, Olav Gunleikson Dale (1859-1925) frå Flatdal og Knut Grasbekk d.e. (1891-1954) frå Lisleherad nemnt. Men dei tre fotografane som fekk hovudmerksemda denne kvelden var Olaf O. Rogndal (1853-1932), Øystein O. Solberg (1877-1923) og Aanond O. Edland (1874-1940).

Myrinden og Snippen er husmannsplassar i Eidsborgberget. Else var fødd i 1860, og var syster til andre kona til far til Rui-jentene. Fotografen hadde med seg ein papprull som han bruka som bakgrunn.
Myrinden og Snippen er husmannsplassar i Eidsborgberget. Else var fødd i 1860, og var syster til andre kona til far til Rui-jentene. Fotografen hadde med seg ein papprull som han bruka som bakgrunn.
Øvst på biletet ser ein garden Tvingeli, så Darreflóti til venstre i biletet, Sjåberg om lag midt i biletet, Bakkan til venstre for Sjåberg, og Hestemyri ovanfor Bakkan.
Øvst på biletet ser ein garden Tvingeli, så Darreflóti til venstre i biletet, Sjåberg om lag midt i biletet, Bakkan til venstre for Sjåberg, og Hestemyri ovanfor Bakkan.

Autodidakte

Olaf O. Rogndal var frå Eidsborg, men flytta til Lårdal i 1888.

– Mykje av fotokunsten den gongen handla om kjemi, og han hadde lese seg til mykje kunnskap, fortalde Ljosdal.

Slik var det også med Aanund O. Edland, som Ragnvald Christensen fortalde om. Fotografen frå Edland var sjølvlært, og tileigna seg engelskkunnskapar på eigahand for å forstå bruksanvisninga på kameraet.

Ulikt dei to andre fotografane som blei presentert på arkivkkvelden, tok Øystein O. Kaasa fotoutdanning. Kaasa var opphavleg namnet hans, men då han flytta frå Bø til Seljord tok han namnet Solberg. I fylgje lokalhistoriewiki byrja også han å fotografere på eiga hand, men gjekk så i fotograflære både i Skien og i Kristiania. Fyrst reiste han rundt som fotograf, men i 1901 opna han fotoforretning i Seljord, som han dreiv fram til 1923. Han heldt likevel fram med å reise rundt i fylket om somrane og ta bilete.