Gjev løyve til frådeling

Nissedal formannskap har godkjent at Kari Veums ideelle fjerdepart av Mule blir delt frå Århusodden i samsvar med søknad frå Karine og Lars Veum. Det er eit vilkår at Olav Mikkel Eielsen overtek parten av Mule som avtala, og med det blir eineeigar.

Avdøde Kari Veum åtte eigedomen Århusodden der ho budde, og i tillegg ein fjerdepart av landbrukseigedomen Mule. Olav Mikkel Eielsen i Stavanger eig resten av Mule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karine og Lars Veum er barnebarn og einearvingar etter Kari Veum. Dei ynskjer å overta Århusodden, som er på 6,9 dekar og ligg mellom Rv41 og Nisser sør for Søftestad gruver. Båe er under utdanning i Oslo der dei har vakse opp, og har sterkt tilknyting til Århusodden og Nissedal. Karine skal ha praksis ved Nav-kontoret i Nissedal som del av sosionomutdanning, og er i ferd med å busetje seg mellombels på Århusodden.

Gardstunet på Mule ligg ved ljosløypa i Kyrkjebygda, og eigedomen er på totalt 1 556 dekar.