Ei bygd fylt med talent

På fredag arrangerte skulen tradisjonen tru den årlege bygdekvelden i Øyfjell. Den fullsette salen på grendehuset fekk sjå framsyninga «Øyfjells got talent».

Det møtte i overkant av 200 skodelystne for å sjå elevane på Øyfjell skule i den årlege bygdekvelden på grendehuset. Det var difor trongt om plassen for dei frammøtte, og nokre vart til og med nøydd til å sette seg på fanget til kjente og kjære. Ifylgje rektor på skulen, Mona Testad, var det ikkje uvanlege tilstandar.

– Det er bestandig full sal på denne dagen. Eg trur nesten alle frå Øyfjell er her i dag, seier rektoren, med eit stort smil om munnen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Internasjonalt konsept til Øyfjell

I mange år har temaet på bygdekvelden hatt ei politisk vinkling, medan i år valde dei å gå for noko annleis. I år ynskte skulen å vise fram alle talenta Øyfjell har å by på. Det er då ifylgje dei nærmast ei sjølvfølge at årets framsyning skulle vere «Øyfjells got talent».

Til eit slikt konsept er det òg naudsynt med dommarar med ordentleg stjernestatus. Bjarne Brøndbo, Linni Meister, Ingebjørg Bratland og briten Simon Cowell, som er kjend frå program som; «Idol», «X-factor» og «Britain’s Got Talent».

Framsyninga opna med eit dansenummer av «Refleksgruppa», som kunne fortelje dommarane at dei har hatt eit prosjekt på skulen, der dei eldre elevane fortel og lærer dei yngre om bruken av refleks.

Leiar i FAU, Åshild Emma Solbjør (t.v.) og rektor, Mona Testad, vart rørte og stolte over elevane
Leiar i FAU, Åshild Emma Solbjør (t.v.) og rektor, Mona Testad, vart rørte og stolte over elevane
Alfhild Asplin Kleven, song Mad world med Gary Jules og Michael Edwards.
Alfhild Asplin Kleven, song Mad world med Gary Jules og Michael Edwards.
Sjur Holte og Daniel Solbjør-Velde.
Sjur Holte og Daniel Solbjør-Velde.
Såmund R. Tjønn, som Bjarne Brøndbo, Gøril Frantzen som Linni Meister, Maria S. Seltveit som Ingebjørg Bratland, og Jostein H. Hyttedalen som Simon Cowell.
Såmund R. Tjønn, som Bjarne Brøndbo, Gøril Frantzen som Linni Meister, Maria S. Seltveit som Ingebjørg Bratland, og Jostein H. Hyttedalen som Simon Cowell.
Dei fortel dommarane at dei har lært dei yngre elevane om refleksbruk.
Dei fortel dommarane at dei har lært dei yngre elevane om refleksbruk.
Ein ivrig fotballgjeng song låten «Fotball er supert».
Ein ivrig fotballgjeng song låten «Fotball er supert».
Isac Dalen som Ivar Aasen og Emre Holte som Aasmund O. Vinje.
Isac Dalen som Ivar Aasen og Emre Holte som Aasmund O. Vinje.
Øyfjell er kjend for si gode karategruppe. Her framført av tre elevar.
Øyfjell er kjend for si gode karategruppe. Her framført av tre elevar.

– That’s fantastic, braut briten Cowell ut, til stor latter frå publikum, før resten av dommarane var einige om at gruppa måtte bli med vidare.

Eit kvart talentprogram med respekt for seg sjølv har òg eit dyktig programleiarpar. Sjur Holte og Daniel Solbjør-Velde leia kvelden, og passa godt til denne karakteristikken. Dei introduserte publikum og dommarar for songinnslag, teater og humoristiske innslag, som til dømes dei tre fengselsfuglane som hadde rømt frå fangeleiren i Fyresdal.

Innslaga falt i god jord hos dommarar, og ikkje minst hos publikum, spesielt god stemning blei det då dommar Cowell la over frå engelsk til gebrokkent norsk og kunne fortelje at han synest innslaget nok ein gong var fantastisk.

Talent i blodet

Alle 45 elevar bidreg til revyen som har halde på i over 25 år. Rektor Testad, meiner det at elevane har vakse opp med revyen gjer at dei tek scenen og rollene så naturleg.

– Elevane er utruleg engasjerte, til og med 1.-klassingane har gleda seg til denne dagen, og stort sett alle elevane ynskjer å ta på seg store roller. Det er nok ingen sjølvfølge, og så er dei jo så dyktige, med song, dans og teater, seier Testad, tydeleg stolt.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å få til ein revy i ei bygd som Øyfjell, fortel rektoren betydninga av at alle dreg i same retning.

– Alle er viktige for at me skal få til det her. Hjelpa me får frå friviljuge foreldre er gull verdt, seier Testad.

Det var tydeleg at elevane òg var einige i dette då dei avslutta kvelden med ein song, dedikert til alle foreldre som stiller opp for borna i Øyfjell.

– Eg blir så utruleg rørt, og stolt over den gjengen her, sa Åshild Emma Solbjør, som er leiar i Foreldrerådets arbeidsutval (FAU).

Alfhild Asplin Kleven (12), Isac Dalen (12) og Emre Holte (12) opptredde for siste gong på fredag, før dei byrjar på ungdomsskulen på Rauland.

– Det er trist at det er siste gong, seier Alfhild.

– Ja, me kjem til å sakne den dagen her, legg Isac til.

Dei tre 7.-klassingane likte godt årets tema.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest det var eit kult konsept i år, seier Emre.

– Det var moro å vise alle talenta me har her i Øyfjell. Det ligg i blodet å vere flinke her oppe, seier Isak, og ler.