Fyresdal kommunehus
Fyresdal kommunehus

Derfor fekk ordføraren refs:

* Gjekk direkte til leiarar og tilsette med instruksjonar* Råda til å behandle kreftsår med bakepulver* Tok imot pasientar til behandling på ordførarkontoret

Eit samla kommunestyre i Fyresdal gav i oktober ordførar Erik Skjervagen (Ap) sterk kritikk for å ha utsett tilsette i kommunen for «utilbørleg press og framferd». Dei folkevalde beklagar på sterkaste overfor dei tilsette som har opplevd dette, og overfor heile organisasjonen, som har vore i ein krevjande situasjon.

Saka kom fyrst til administrasjonsutvalet i kommunen, som har ansvar for å handsame saker som gjeld forholdet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB har bede om innsyn i dokumenta som ligg til grunn for det oppsiktsvekkande vedtaket, og fått tilgang til versjonar der personopplysingar er sladda. I saka ligg notat frå fleire varslarar, som skildrar korleis ordføraren har opptredd kritikkverdig.

Vil endre Helse-Noreg

Episodane og oppførselen ordføraren blir kritisert for er knytt til satsinga på alternativ medisin i Fyresdal kommune. Skjervagen er utdanna innan akupunktur og har praktisert dette i lang tid før han blei ordførar. Han har ved fleire høve, mellom anna i VTB i januar, uttala at det overordna målet hans er å endre Helse-Noreg. Ordføraren har stor tru på alternative behandlingsteknikkar som folkehelsefremjande.

Negativ påverknad på arbeidsmiljøet

Kritikken ordføraren no har fått av kommunestyret, administrasjonsutvalet og kontrollutvalet handlar om korleis ordføraren forheld seg til tilsette og leiinga i kommunen for å få gjennomført det han ynskjer som politikar. Tilsette skal ha opplevd sterkt press frå ordførar, noko som har påverka arbeidsmiljøet negativt. Det er stilt spørsmål ved korleis ordførar forheld seg til den administrative linja. Ein opplever rolleblanding frå ordførar si side om det å vera ordførar og alternativ behandlar.

Kommunestyret bad i oktober om at administrasjonsutvalet på vegne av politikarane beklaga til dei tilsette som har opplevd dette og overfor dei som har varsla om saka, og generelt til organisasjonen Fyresdal kommune.

I same møte vedtok dei folkevalde å opprette ei arbeidsgruppe som skal evaluere og føreslå endringar i varslingsrutinar. Oppdraget omfattar også å utarbeide klare retningslinjer i forholdet mellom politisk og administrativt nivå.

Dette blir ordføraren kritisert for:

Rolleblanding og press

Ordføraren skal ha gått direkte til kommunalsjefar, leiarar og andre i organisasjonen og instruert dei i korleis dei skal handtere prosessen med alternativ medisin, og kva dei skal gjera. Det skal i enkelte tilfelle ha vore i strid med lovverk, og i strid med administrasjonens reglar og rutiner for sakshandsaming. Dersom helsepersonell hadde utført det ordføraren bad dei om å gjera, kunne dette ha medført tap av autorisasjon, står det i notata som er sendt til administrasjonsutvalet.

Fekk tilgang til teiepliktige opplysningar

Varslarane skildrar at ordføraren har pressa ein tilsett til å gje ut strengt fortrulege opplysingar om ein pasient, og at det er krevjande for tilsette når ordføraren møter på pleie- og omsorgssenteret og etterspør informasjon om pasientar.

Skjervagens merknad:

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren seier at han ikkje har møtt på pleie- og omsorgssenteret (POS) på eige initiativ.

– Det var kommunelegen som bad meg om å vera til stades og gje opplæring i sårpleie med alternative metodar. Det er eg som har høgast kompetanse på alternative behandlingsmåtar i kommunen, difor blei eg beden om å vera til stades. Eg sjekka sjølvsagt ikkje om det låg føre samtykke til det, då det måtte vera kommunelegens ansvar, seier Skjervagen.

VTB har kontakta kommunelegen og stilt spørsmål om dette, men han er i utlandet og viser via sms vidare til den administrative leiinga i kommunen. Helsesjefen forklarar at leiinga ikkje har høve til å svare på kva som skjedde i den konkrete situasjonen, fordi det berre var legen og ordføraren som var til stades. Kommunelegen har ikkje svart på melding der VTB opplyser at berre han sjølv kan svare korrekt på dette.

Tok imot pasientar på ordførarkontoret

Ordføraren har tatt imot pasientar til behandling på ordførarkontoret. Han har sjølv stadfesta i formannskapet at han har gjort dette «eit par gonger».

Ordføraren skal ha snakka høgt om ein namngjeven pasient på matromet i kommunehuset, og svara med «kvifor det» då han blei beden om å ikkje snakke høgt om teiepliktige opplysingar.

Skjervagens merknad:

Dette blir heilt feil framstilt, for eg hadde løyve frå pasienten om at eg kunne snakke ope om han, kvar som helst, seier Skjervagen.

Deltok i sårbehandling, foreslo bakepulver

Det kjem fram i dokumenta at Skjervagen har delteke i sårbehandling av ein pasient på pleie-og omsorgssenteret, utan at pasienten har samtykka til dette. Fylkeslegen understrekar at ein må ha skriftleg samtykke for at andre enn helsepersonell skal vera til stades under behandling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som tidlegare nemnt var det i fylgje Skjervagen kommunelegen som bad han vera til stades.

Det skal ha kome reaksjonar på at ordføraren deltok under sårbehandling på POS og då foreslo både bruk av Cell com-apparat og bakepulver på eit kreftsår.

Dette blir stadfesta av fleire av varslarane og skal vera journalført.

Dei såkalla Cell com-apparata kjøpte kommunen av den danske akupunktøren Hugo Nielsen, som Fyresdal kommune også har kjøpt opplæring og rettleiingstenester av i samband med satsinga på alternativ medisin i den kommunale helsetenesta. Cell com-apparata skal «forbinde akupunkturprinsippet og cellekommunikasjon», i fylgje Nielsens heimeside. Apparata er ledd i såkalla parallellakupunktur, som er ein metode utvikla av Nielsen. Denne behandlingsmetoden har kommunestyret vedtatt å innføre som eit valfritt tilbod i kommunehelsetenesta, men i januar i år blei vedtaket reversert.

Fylkeslegen har ved fleire høve understreka at sjølve apparatet ikkje er lovleg å bruke i Noreg, fordi det ikkje er CE-merka. CE-merket er produsentens garanti for at alle direktiv som har med tryggleik å gjera er oppfylt.

Cell com-apparata er samla inn og blir ikkje bruka av tilsette i Fyresdal kommune lenger. Ordføraren opplyser at apparata er sendt tilbake til Danmark.

Ville nekte lønsauke til tilsette

Ordføraren skal ha vore misnøgd med tilsette han meinte ikkje gjorde nok for å fylgje opp vedtaket om alternativ medisin, og skal ha sagt han skulle syte for at vedkomande ikkje fekk lønsauke i 2014 om dette heldt fram.

Det blir fortalt om ein «anten er du med meg elles er du mot meg»- filosofi frå ordførarens side.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Vest-Telemark blad i januar i år kritiserte Skjervagen tilsette for å vera vanskelege og motarbeide politiske vedtak om alternativ medisin.

(Redaksjonen opplyser: Skjervagen har fått tilsendt heile saka og fått høve til å kommentere/oppklare alle skuldingar mot han.)

Beklagelsen frå kommunestyret:

Fylgjande vedtak blei gjort i administrasjonsutvalet 12. november i år:

«Administrasjonsutvalet vil ifylgje vedtak i kommunestyresak 82/14 om rolleavklaring, kome med ei orsaking frå kommunestyret.

Beklagelsen blir framsett til varslarane. Vi ber om at dei vidareformidlar beklagelsen til dei det berører, men også generelt til organisasjonen Fyresdal kommune.

Kommunestyret vil på det sterkaste meddele at vi ikkje støtter ein slik oppførsel/framferd som nokon har opplevd frå ordføraren.

Det er viktig med engasjement frå politikarar og oppfylging av politiske vedtak, men det skal sjølvsagt ikkje vere slik at politikarar pressar tilsette til å gå utover vedtaka som er fatta eller involvere seg personleg så sant det ikkje er nedsett nokon arbeidsgruppe som politikarar er med i. I tillegg skal ein gå tenesteveg ifylgje reglement og retningslinjer.

Men administrasjonsutvalet vil legge vekt på at det er viktig at politiske vedtak blir fylgt opp av administrasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er viktig for Fyresdal kommune å ha eit godt arbeidsmiljø. Administrasjonsutvalet vil be om tilbakemelding frå administrasjonen i tida som kjem om korleis arbeidsmiljøet er.

Det skal ikkje vere slik at varslarane på nokon som helst måte blir straffa for at dei har varsla.»

Les tilsvaret frå ordføraren her: Skjervagen: – Eg beklagar og har endra rutinar 

Les om Fyresdal Apsnominasjon av Skjervagen som ordførarkanditat i 2015 her.