Halvor Homme (Ap).
Halvor Homme (Ap).

Ap og Sp like store i Nissedal, Homme går mot fire nye år

Det skil tre røyster mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Nissedal.

Førebelse tal viser at Arbeidarpartiet i Nissedal har fått ein oppslutnad på 39,8 prosent (309 røyster). Det gjev sju representantar i kommunestyret. Senterpartiet er om lag like store – 306 røyster og 39,4 prosent, men får berre seks mandat, viser førebels utrekning. KrF og Høgre ligg båe an til å få to reprensentantar kvar i kommunestyret.

KrF har varaordføraren i Geir Christian Enger no, men Kristine Sandall og Høgre har før valet varsla at dei ynskjer å stø Halvor Homme (Ap) som ordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Høgre synest Halvor Homme har gjort ein god jobb i denne perioden, og me ynsker å få til eit samarbeid med Ap etter valet, for komande periode, uttala Sandall til VTB.

Framstegspartiet ser ikkje ut til å bli representert i kommunestyret dei neste fire åra.