Fleire har førehandsrøysta i Vest-Telemark
Fleire har førehandsrøysta i Vest-Telemark Foto: Egil Blomsø

40 prosent fleire vesttelar har førehandsrøysta enn ved førre kommuneval

Seljord har størst auke i førehandsrøyster, medan Vinje kommune har motteke flest førehandsrøyser av kommunane i Vest-Telemark.

Totalt er det 1941 personar som har nytta høvet til å førehandsrøyste i Vest-Telemark, og talet kan bli endå litt høgare når røystene frå vesttelar busett i andre kommunar også er talt opp.

Det er Seljord som har størst auke i førehandsrøyster med 93.64 prosent. I Seljord har 457 av dei 2318 røysteføre innbyggarane stemt før valdagen.

I Kviteseid har 58,93 prosent fleire førehandsrøysta. Dette er 267 av totalt 1993 røysteføre.

I Nissedal har 38,10 prosent fleire førehandsrøysta. Dette er 261 av totalt 1145 røysteføre. 

I Vinje har 20,57 prosent fleire førehandsrøysta. Dette er 463 av totalt 2956 røysteføre. 

I Tokke har 33,74 prosent fleire førehandsrøysta enn ved førre val. Dette er 325 av totalt 1806 røysteføre. 

I Fyresdal har 1,82 prosent fleire førehandsrøysta til dette valet. Det er 164 av totalt 1146 røysteføre. 

Totalt er det 11 240 røysteføre veljarar i dei seks kommunane i Vest-Telemark.