Frivillig bidrag og dugnadspengar

Marianne Vrålstad, leiar i Fau (foreldras arbeidsutval) fortel at det har vore nokon rundar på Fau-møte og foreldremøte om dette med å betale i skulesamanheng.

– Me er positive til å reindyrke gratisprinsippet, seier Vrålstad om konklusjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare var det slik at det var klassekasser med ei ordning der det kunne kome purring til dei som ikkje hadde betalt inn til denne. Skulen hadde ikkje noko med desse kassene å gjere, det tok foreldra til elevane seg av. Pengane i kassa blei bruka til ulike ting, som gåver til lærarane og elevarrangement.

– Det er slutt på klassekassene slik dei fungerte før. Nå er det ikkje pålagt å betale inn til kassa, men ein kan gje eit frivillig bidrag til fellesskapet, ta imot anonyme bidrag til kassa, seier Vrålstad.

Kvart år er det tematur/Polentur med Kvite bussar for 10. klasse i ungdomsskulen, også eit innslag som ikkje skulen står bak, men foreldra.

– Turen strir ikkje mot gratisprinsippet, og er eit tiltak me ynskjer å oppretthalde. Foreldre står bak dugnad som gjer at ein får inn pengar som dekkjer reisa til alle elevane, seier Vrålstad.