Gardbrukar og kommunedirektør: Som bonde har Finn Arne Askje søkt om regionalt miljøtilskot. Fleire gonger har han søkt om eit tilskot som ikkje godkjent i Tokke kommune. Han seier at han ikkje har forstått at han ikkje kan søke på dette tilskotet.

I fleire år har kommunedirektøren som gardbrukar søkt om tilskot retta mot kystbønder

Finn Arne Askje er kommunedirektør i Tokke kommune, men han er også bonde i Lårdal. I fleire år har han søkt om tilskot for beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark – ei ordning som berre gjeld på øyer og ved kysten.

I fleire år har Finn Arne Askje, som fleire andre bønder, søkt om regionalt miljøprogram, såkalla RMP-tilskot. Då han vart øvste administrative leiar i kommunen i 2021 vart administrasjonen i Tokke inhabile til å handsame søknaden hans. Då fekk fyrst Vinje kommune søknadane, deretter Fyresdal.

For søknaden for 2023 har Askje fått ei fullstendig avkorting i tilskotet, og får 0 kroner i tilskot.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vedtaket står det at Askje har lagt inn beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark med 65 storfe/hest i sin søknad. Dette kunne gje eit tilskot på 97 500 kroner. Askje søkte om andre tilskot også, det totale tilskotet han søkte om var 149 000 kroner. Men han fekk full avkorting.

I rettleiaren for RMP-tilskot som ligg på statsforvaltaren.no står det forklart at beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark gjeld på øyer og i naturvernområder ved kysten. Og er altså ikkje aktuelt i Tokke kommune.

Askje har klaga, fyrst i mars med melding om at klaga blir følgt opp seinare. 19. april kjem ei utfyllande klage til Fyresdal kommune. Der hevdar Askje at feilen har skjedd på grunn av ei misforståing, og at han ikkje har fått den rettleiinga som er naudsynt. Han viser til forvaltningslova, og skriv:

«Forvaltningsorganet har dermed svikta og ikkje gjeve den veiledninga som er nødvendig.»

Til VTB beklagar Askje at han har søkt på tilskot han ikkje har rett på, og tek ansvar for at han ikkje har lese reglane. Han meiner han ikkje har fått god nok rettleiing frå forvaltningsorganet. Les heile svaret hans lenger ned i saka.

Fekk klar beskjed

Men det er ikkje fyrste gong Askje søker om regionalt miljøtilskot. Det er heller ikkje fyrste gong han har søkt om tilskot for «beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark for hest/storfe», altså tilskotet som gjeld på øyer og ved kysten. Og det er ikkje fyrste gong han får avslag på søknaden.

I dokument VTB har fått innsyn i, ser ein at Askje har søkt om RMP-tilskot i fleire år. Tilbake i 2019 var det Tokke kommune som handsama søknaden. På dette tidspunktet var Askje kommunalsjef for oppvekst og skule. Det gjorde ikkje administrasjonen i Tokke inhabil.

Vedtaket er gjort i februar 2020 kjem det fram i eit notat – ført i pennen av Elin Skålid, landbruksrådgjevar i Fyresdal kommune, som nyleg er sendt til Statsforvaltaren. Her står det at Askje fekk rådgjeving av landbruksrådgjevaren i Tokke, som meiner ho nemnde at det då nye utmarksbeitetilskotet ikkje gjeld i kommunen. Frå søknaden kjem det fram at han likevel søkte om tilskotet, og la inn 147 dekar og 59 dyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han får utbetalt 40 600 kroner. Sakshandsamar har nokre merknadar i vedtaket, mellom anna at dette tiltaket ikkje gjeld Tokke, og han får ikkje utbetalt det nye utmarksbeitetilskotet – fordi dette gjeld for øyer og kystområde.

I 2020 har landbruksrådgjevaren i Tokke permisjon, og oppgåvene blir fordelte rundt på andre tilsette i etaten. Askje søker på nytt, også denne gong om «beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark for hest/storfe», som altså berre gjeld på øyer og i naturvernområde ved kysten. Denne gongen for 23 dekar og 60 dyr. Nå får han tilskot for dette – 72 000 kroner.

Fekk ja: I 2020 handsamar ein vikar i Tokke kommune søknaden til Askje og han får tilskot også for beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark – som gjeld øyer og kystområde – på totalt 72 000 kroner.

I 2021 har Askje blitt kommunedirektør i Tokke. Dermed er kommunens administrasjon inhabil til å handsame søknadene hans. Vinje kommune overtek denne oppgåva. Askje søker då igjen om tilskot for «Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark for hest/storfe» som framleis berre gjeld på øyer og i naturvernområde ved kysten. Denne gongen for 23 dekar og 17 dyr.

I vedtaket frå Vinje kommune er både dyr og areal sett til 0. Dei skriv også følgjande:

«Søkar har ført opp beiting i utmark – dette er ikkje godkjent tiltak for Tokke kommune. Dette blei søker også gjort merksam på ved søknad i 2019. Det er søker sitt ansvar å halde seg oppdatert på kva slags ordningar ein kan søke om tilskot på – og det blir vurdert avkorting om dette gjentar seg.»

Får påminning: I 2021 blir søknaden til Askje handsama av Vinje kommune. Han blir gjort merksam på at beiting i utmark ikkje er eit godkjent tiltak for Tokke kommune. Askje får også ei påminning om at han også i 2019 vart gjort merksam på dette.

I 2022 går også søknaden til Vinje kommune, og denne gongen søker han ikkje om tilskot for tiltaket han tidlegare har fått beskjed om ikkje er godkjent i Tokke.

Søkte om å få 149 000 – får 0

Nå – i 2023 – er det administrasjonen i Fyresdal kommune som handsamar søknaden til Askje. Ifølge sakshandsamar i Fyresdal kommune, Elin Skålid, er søknaden for 2023 sendt 13. oktober. Då var det ikkje ført opp dyr på beiting i utmark. Ifølge Skålid er det i denne perioden gjort ei avtale mellom Tokke og Fyresdal kommunar om at dei skal handsame saker for kvarandre når sakshandsamar er inhabil.

Ifølge Skålid møter ho på Askje i resepsjonen i kommunehuset/Næringshagen i Fyresdal 17. oktober. Han er der i samband med møte i Vest-Telemarkrådet. Ifølge Skålid spør Askje om det er Fyresdal som skal handsame søknadane hans om produksjonstilskot og RMP. Dette stadfestar Skålid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge sakshandsamar Skålid endrar Askje søknaden sin 29. oktober. På posten for dyr på beiting i utmark hadde han altså 13. oktober ikkje ført opp noko. 16 dagar seinare endrar han dette, og fører opp 59 dekar og 65 dyr.

– Ved ein korrekt utfylt søknad har Finn Arne Askje rett på 51 500 kroner i tilskot. Ved å legge til 65 dyr i ordninga «beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark», som ikkje gjeld for Tokke kommune, kunne utbetalinga blitt auka med 97 500 kroner, totalt utbetalt ville då blitt 149 000 kroner, skriv Skålid i notatet som har gått til Statsforvaltaren.

Gav avslag: Elin Skålid har vore landbruksrådgjevar i Fyresdal i mange år. Ho fortel at søkar må fysisk teikne opp kartet i søknaden og også legge inn tal på dyr, og at dette er litt jobb for søkar.

– Korleis veit du at søknaden vart endra i denne perioden?

– Det ser eg på loggen i systemet mitt. Der ser eg at den fyrste søknaden ligg inne fyrst, og kvar gong søkar er inne og endrar kjem det fram i loggen, fortel Skålid til VTB.

Medan søknadsfristen er 15. oktober kan søkaren gjere endringar fram til 29. oktober. Skålid har vore landbruksrådgjevar i Fyresdal i mange år, og fortel at dette tiltaket var nytt i 2019 og at fyrste året var det fleire som gjorde feil.

– Då forklara me at dette ikkje gjeld Fyresdal og sidan har ingen gjort denne feilen her, seier ho.

2023: Dette er eit utklipp frå søknaden Askje sende til Fyresdal kommune i haust. Han har lagt inn informasjon om at han søker om tilskot for beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark. Han har ikkje rett på tilskotet som er på nesten 100 000 kroner.

– Misforståing

Til VTB seier Askje at han ikkje har forstått at ordninga ikkje gjaldt han, og at han burde lese rettleiinga, som er 59 sider, betre. I klaga på det siste avslaget som nå er hos Statsforvaltaren, argumenterer han med at sidan feilen gjentek seg er det snakk om ei misforståing.

– Det finst ein kommando som heiter «vil du importere det du gjorde i fjor», og i vanvare kan ein gjere feil ved å trykke på den. Men det er ikkje tilfelle i denne saka. Askje hadde fyrst lagt inn ein søknad der «beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark» ikkje var med. Han hadde heller ikkje søkt om dette i 2022. Derfor må han fysisk inn og teikne opp kartet og legge det inn, og det er litt jobb for søkar, seier Skålid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du har hatt denne stillinga i mange år, er dette ei vanleg problemstilling?

– Absolutt ikkje. Dette er ikkje vanleg i det heile tatt, svarar Skålid.

Beklagar – meiner han ikkje fekk nok rettleiing

– Kvifor har du søkt om tilskot for «beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark for hest/storfe» når dette ikkje gjeld i Tokke?

– Dette er å beklage, eg burde ha lese reglane og lagt merke til endringa frå Vinje (i 2021 red.mrk.). Det var ikkje gjort – det tek eg heile ansvaret for, seier Askje til VTB.

– Det finst to ordningar for tilskot for forvaltning av verdifull jordbrukslandskap – innmark og utmark. Gjennom fleire år har eg søkt om tilskot for beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark for hest og storfe. Eg visste at Tokke og Lårdal var omfatta definert for tilskot til slått/beiting av verdifulle jordbrukslandskap, men eg trudde det ikkje var skilnad på innmark og utmark, fortel Askje.

– Eg søkte på begge ordningane – både innmark og utmark – så blei søknaden retta. Eg tok utskrift av søknaden og brukte berre utgangspunkt i tidlegare søknad ved ny søknadsomgang. Eg skulle ikkje ha søkt på støtte til utmark, men berre innmark, held han fram.

Han fortel at han ikkje har lese vedtaket nøye nok og då ikkje fått med seg merknadane nedst i dokumentet. Han vedgår at dette er hans ansvar, men meiner han burde blitt gjort merksam på dette. I klaga skriv han at det er klart han ikkje har forstått reglane og at «det bør og burde sakshandsamarane forstått».

– I vedtaket frå Vinje kommune i 2021 blir du minna på at du tidlegare (i 2019) har blitt gjort merksam på dette. Hadde du gløymt det?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vinje kommune har ikkje direkte teke kontakt med meg munnleg, så vidt eg hugsar.

– Du har vel sjølv eit ansvar for å lese vedtaket?

– Ja, og eg beklagar at eg ikkje gjorde det. Forvaltningsorganet burde tatt kontakt med meg munnleg, svarar Askje.

I klaga hevdar han at forvaltningsorganet ikkje har følgt rettleiingsplikta si.

– Det er to ting som er spørsmålet her – har eg gjort dette bevisst, og har forvaltningsorganet følgt rettleiingsplikta si? Og eg meiner dei ikkje har følgt rettleiingsplikta si her med heimel i forvaltningslova, seier Askje.

– Då meiner du at dette gjeld både Tokke, Vinje og Fyresdal kommunar?

– Ja.

– Kvifor søkte du ikkje om tiltaket i 2022, men igjen i 2023?

Artikkelen held fram under annonsen.

Askje fortel at han har dyr på beite i fleire delar av kommunen. Han hadde ikkje fått med seg at det er tiltaket for innmark som gjeld delar av Tokke, medan han trudde at også tiltaket for utmark gjeld i Tokke.

– Eg visste at det gjaldt bevaringsverdige område, og at det er aktuelt i Lårdal. Men dette året hadde eg ikkje kyr på beite på utmark i eit aktuelt område for RMP (Regionale miljøprogram), svarar han.

I avslaget frå Fyresdal kommune på 2023-søknaden viser sakshandsamar til lovverket som seier at heile eller delar av det samla tilskotet kan avkortast om føretaket aktlaust eller forsettleg har gjeve opplysingar som gjev ei urettmessig utbetaling av tilskot.

Askje reagerer på at dei meiner han har gjort dette med vilje.

– Eg veit at eg ikkje har gjort dette bevisst. Det var aldri i mine tankar, seier han.

Askje fortel at det stemmer at han møtte sakshandsamar i Fyresdal 17. oktober, men at han alt visste at det var Fyresdal som skulle handsame søknaden hans. Tre månadar før, i juli, hadde han og kommunedirektør i Fyresdal, Ulf Pedersen, laga eit utkast til ei avtale mellom dei to kommunane.

– Kvifor har Fyresdal og Tokke laga denne avtala?

– I Tokke kommune er eg kommunedirektør. I saker som krev noko vurderingar er det slik at ein setjekommune handsamar mine søknader. Fram til 2023 har det vore Vinje kommune. Men ettersom Fyresdal kommune bad Tokke kommune vere setjekommune i fleire saker for Fyresdal, fann me ut at Tokke også kunne nytte Fyresdal som vår setjekommune i habilitetssaker. Initiativet til denne avtalen kom i juli 2023, forklarar Askje.

Dialog: I juli hadde kommunedirektørane Askje og Pedersen dialog om ei avtale som settekommunar for kvarandre. 13. juli sender Askje eit utkast til avtale til Pedersen.

– Ifølge sakshandsamar endra du søknaden etter at du fekk vite at det var Fyresdal, og ikkje Vinje, som skulle handsame søknaden din. Stemmer det?

Askje viser til e-posten frå juli 2023, altså tre månadar før søknadsfristen.

– Søknader kan endrast etter søknadsfrist, det er på ingen måte spesielt. Det er noko alle har rett til om ein skulle gløymt noko, eller oppdatere opplysningar om for eksempel avløysarutgifter eller dei ordinære produksjonstilskota. Det same gjeld for eksempel skattemeldinga, seier han.

Klaga frå Askje er nå hos Statsforvaltaren.