Willy Wonka fekk sjølvsagt kake.

Willy Wonka, Matilda, Danny og heksene tok imot 200 små og store på eventyrkveld 

Laurdag var det Minimagi på Tangane på Dalen. Og magisk vart det med godteri i trea, felemusikk i skogen, heksebrygg og flammeshow.

Publisert Sist oppdatert

– Dette var veldig moro!
Det seier Jon Marius Reinskås Aarstad som har tatt med seg dei tre gutane Viljar, Brage og Iver på Minimagi. 

– Ungane kikkar på alt, smiler han. 

Pappa Jon Marius Aarstad Reinskås kosa seg saman med Viljar (7), Brage (5) og Iver (3) på minimagi.

Og det er uvanleg mykje å kikke på langs turstiane på Tangane denne laurdagskvelden. Langs stien dukkar det opp steinar med alle slags forskjellige mønster, i trea heng det godteri, små lykter og fargerike skilt. Små figurar og store figurar. Noko er morosamt og fargerikt, andre ting er meir skummelt. 

– Er det litt skummelt her? 

– Nei, svarar eldstemann Viljar kjapt. 

Plutseleg dukkar det opp ei heks rett bak dei i skogen på Tangane. Ho er svart i kleda og grøn i fjeset, og Brage og Iver skvett kanskje litt. Men heksa betryggar dei fort med at ho slett ikkje er ei farleg heks.

Samarbeidsprosjekt

Tone Nordstoga Løk er informasjonskonsulent i Tokke kommune og ei av mange som har arbeidd med arrangementet. Ho fortel at det var 200 påmelde i forkant og at alle elevane i kommunen frå 1.–7. klasse fekk utdelt ein gullbillett på skulen. Akkurat som den Charlie var så heldig å få fatt i slik at han fekk kome inn i den fantastisk sjokoladefabrikken til Willy Wonka. 

Jori Gjelland Lid (f.v.) frå kulturskulen, Harald Utigard frå Babu, Tonje Kvanvik Felland som Willy Wonka og Tonje Nordstoga Løk frå Tokke kommune er nokon av dei som har jobba for å få til arrangementet.

Akkurat kor mange som tok turen til Tangane på laurdagskvelden har dei ikkje full oversikt på. Men det er mange og dei er fornøgde. 

– Dette er heilt fantastisk! Me har vore bevisste på at det skal vere gratis slik at det faktisk er eit tilbod for alle, fortel Løk. 

– Me gjer dette for å skape litt liv og røre. Me vil jo at Tokke skal vere ein attraktiv plass å bu, legg ho til. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Babu, Frivilligsentralen, biblioteket, kulturskulen, kommunen og ein god del andre frivillige som bidrar. 

Akkurat korleis ideen om å lage eit eventyraktig Roald Dahl-univers på Tangane kom, er litt vanskeleg å seie. Men det høyrest ut som det vart resultatet etter idemyldring med fleire. 

– Me er jo inspirert av litteraturen, og håpar dette også kan skape nysgjerrigheit om Roald Dahl. Ein fantastisk, veldig morosam og litt ukorrekt forfattar, seier Løk. 

På ferda gjennom skogen fekk små og store med seg høgtlesing, felespel, rare, søte og litt skumle figurar rundt omkring, dei skrøpelege besteforeldra til Charlie som delte ut godteri og heksene som skratta høgt og illevarslande, men raust delte ut heksebrygg. 

Mot slutten av kvelden fekk alle ein bit av ei gigantisk kake som gjengen i Babu hadde bakt og pynta på ein måte som var eit Bakemeisterskap verdig. Då skumringa for alvor krøyp nedover fjellsidene ved enden av Bandak var det tid for flammeshow. 

 

Powered by Labrador CMS