På Stortinget: William Matteus Fonn blei invitert til Stortinget for å fortelje om mobilfri måndag. Her saman med stortingsrepresentant Nikolai Astrup.

William blei invitert på Stortinget – støttar forslaget om mobilfrie skular og 16-årsgrense på sosiale medium

William Matteus Fonn (17) tok initiativ til mobilfri måndag på Kvitsund. Førre veke var han på Stortinget for å diskutere ungdom og skjermbruk.

Etter at VTB skreiv om prosjektet mobilfri måndag i november tok NRK kontakt med ungdommane på Kvitsund, og prosjektet blei presentert på både på radio og i eit innslag på Dagsrevyen.

Les også
Etter å ha rekna på kor mange timar dei brukar på mobilen i løpet av ei veke, bestemte ungdommane seg for å ta grep

Seinare har Fonn blitt invitert med på debatt i Helgemorgen på NRK to gonger. Førre veke var han på Stortinget for å diskutere ungdom og skjermbruk med Nikolai Astrup.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mobilfri skule og høgare aldersgrense

Astrup er stortingspolitikar for Høgre og har tidlegare vore digitaliseringsminister. Nå tek han til orde for mobilfrie skular og 16-årsgrense på sosiale medium.

Politikaren har fått ein del innspel frå ungdom som har kritisert forslaget hans.

– Eg tok kontakt med Astrup for å fortelje at me er mange ungdommar som synest forslaget hans er bra, seier Fonn.

Kvitsundeleven meiner det er viktig at ungdom engasjerer seg i denne debatten. Han har sjølv vore oppteken av kor mykje tid han brukar på nett. Og han meiner 16-årsgrense på sosiale medium er eit godt forslag.

– Eg skulle ynske at det hadde vore høgare aldersgrense då eg sjølv logga meg på, seier Fonn.

Han meiner han som 13-åring ikkje var førebudd på det som møtte han på nett, og at mykje av innhaldet på sosiale medium ikkje er eigna for born.

– Eg tenkte mykje meir på konsekvensar etter at eg blei 16, seier den engasjerte ungdomen.

Ungdom ser at noko må gjerast

– Eg hadde eit veldig hyggeleg møte med William på Stortinget, der me diskuterte utfordringane med skjermtid og innhald på sosiale medium som ikkje er laga for barn, skriv Nikolai Astrup i ein e-post til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner det er positivt at det ikkje berre er foreldre og lærarar som er opptekne av desse problemstillingane, men at også mange av ungdommane ser at noko må gjerast.

På veg inn på Stortinget: – Uansett kva me ender opp med meiner eg det er viktig at me gjer oss opp tankar om dette med skjermtid og aldersgrenser, seier William Matteus Fonn.

Personleg meiner han at mobiltelefonen ikkje har noko i skuletimane å gjere. Og at born i grunnskulen ikkje bør ha mobil tilgjengeleg i friminutta. Han hevdar det er godt dokumentert at telefonen er ein distraksjon som gjer at elevane lærer mindre, og at den stel tida frå leik, aktivitet og det sosiale samspelet elevane i mellom.

Astrup ynskjer også ei aldersgrense på sosiale medium.

– Me er veldig opptatt av å sette aldersgrenser i mange ulike samanhengar. For eksempel brukast det mykje tid på å sette aldersgrenser for kinofilmar. På sosiale medium er det fritt fram, trass i at innhaldet der i veldig mange samanhengar er heilt ueigna for barn, skriv Astrup.

Han meiner det er på tide å sette nokre grenser, og er glad for at ungdommane sjølv engasjerer seg i denne debatten.