Mobilfri måndag: William Matteus Fonn (t.v.) og Knut Hallvard Rysstad Skinnarland oppmodar ungdommane på skulen til å leggje vekk mobilen ein dag i veka.

Etter å ha rekna på kor mange timar dei brukar på mobilen i løpet av ei veke, bestemte ungdommane seg for å ta grep

I gjennomsnitt brukar ungdom 21 timar i veka framom skjerm. William og Knut Hallvard vil bruke mindre tid på mobilen og meir tid på andre ting.

– Ungdom brukar i snitt tre timar om dagen på skjerm. Det blir 21 timar i veka og 91 vakne dagar i året. Om du lever til du er over nitti har du bruka 100 000 timar. Det blir tolv år av livet, seier William Matteus Fonn.

Saman med Knut Hallvard Rysstad Skinnarland tok han initiativ til mobilfri mådag på Kvitsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finn på meir

Det var etter ein tur utan tilgang på mobil og PC dei fekk ideen. Dei merka kor fint det var å vere ein del av eit fellesskap utan å bli uroa. Etter turen laga dei ein video der dei inviterte alle elevane på Kvitsund med på mobilfri måndag. Då legg dei vekk telefonen frå klokka ti til halv åtte.

To av dei som har blitt med på ordninga er Marie Tollefsen og Marius Moldsvor.

– På fløya mi er neste alle med, seier Marius.

Og han merkar ei endring. På desse dagane finn dei på meir.

– Og eg trur kvaliteten i samtalane blir betre når ein ikkje har mobilen som forstyrrar, seier han.

Legg vekk telefonen: Marie Tollefsen og Marius Moldsvor er fornøgde med den nye ordninga.

Marie merkar også at det er meir aktivitet i friminutta på måndagane. Ho har informert familie og vener om ordninga.

– Folk er jo vant til at me er tilgjengelege heile tida. Om nokon må ha tak i meg, så kan dei jo ringe til skulen, seier ho.

Går ikkje glipp av så mykje

Ordninga er frivillig. Dei som vil vere med leverer inn telefonane i ei kasse på morgonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vårin Koldnes og Martin Aursand er miljøarbeidarar på Kvitsund. Dei har også lagt merke til ei endring på måndagane.

– Elevane sit lenger igjen etter måltida og pratar, fortel Martin.

At initiativet kom frå elevane sjølv tenker dei er bra.

Mobilfri måndag: I denne boksen blir telefonane samla inn. Miljøarbeidar Vårin Koldnes, Martin Aursand og Christopher Andersen.

Etter kveldsmat på måndag blir telefonane utlevert. Opplevinga er stort sett at dei ikkje har gått glipp av så mykje på nettet.

– Når eg får tilbake telefonen på kvelden, så ser eg jo at det ikkje har skjedd så mykje viktig, seier Marius Moldsvor.

Tal frå Ungdataundersøkinga 2021

Ungdata har kartlagt ungdommens skjermbruk. Tid på skjerm brukt i samband med skulearbeid er ikkje medrekna i desse tala.

Kvitsund:

69 prosent av gutane og 59 prosent av jentene brukar meir enn tre timar på skjerm kvar dag.

6 prosent seier dei er på skjerm meir enn seks timar om dagen.

Vest-Telemark vidaregåande skule:

74 prosent av gutane og 81 prosent av jentene er på skjerm meir enn tre timar kvar dag.

13 prosent seier dei er på skjerm meir enn seks timar om dagen.

Medan gutar er meir opptekne av elektroniske spel brukar jentene meir tid på sosiale medium.